Hyasintslekta
Hopp til navigering
Hopp til søk
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hyasintslekta
Hyasintslekta |
|
Vitskapleg namn |
Hyacinthus |
Utbreiing |
Område: Sørvest- og Sentral-Asia |
Systematikk |
Hyasintslekta (Hyacinthus), også kjend som sviblar, er ei planteslekt i hyasintfamilien som igjen høyrer til aspargesordenen. Plantane i familien er laukvekstar med klokkeforma blomar som sit i ein klase i enden av stilken. Slekta har namn etter den greske sogefiguren Hyakinthos.
Det finst rundt 3 hyasintartar som veks vilt i Eurasia, særleg middelhavslanda, og Afrika. Hyasintar er mykje brukt som hageplantar, der arten H. orientalis, vanleg hyasint, er best kjend og finst i ei rekkje varietetar med ulike blomefargar og former.
Alle hyasintar inneheld oksalsyre, som er giftig for folk og dyr. Plantesafta kan verka irriterande på huda.
Artar[endre | endre wikiteksten]
Hyasintslekta omattar desse artane:[1]
- Hyacinthus litwinovii (Czerniak.)
- Hyacinthus orientalis (Linné)
- Hyacinthus orientalis subsp. orientalis
- Hyacinthus orientalis subsp. chionophilus (Wendelbo)
- Hyacinthus transcaspicus (Litv.)
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
- Planteslekta Hyacinthoides
- Førenamnet Hyacinth, Hyazinth eller Hyacinthe
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Hyasint» (30. desember 2013), Store norske leksikon. Henta 21. august 2014.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
