Hyderabad i Pakistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hyderabad i Sind)
Hyderabad
by
Grava til bygrunnleggjaren Mian Ghulam Shah Kalhoro i Hyderabad.
Land  Pakistan
Provins Sind
Areal 319 km²
Folketal 3 429 471
Kart
Hyderabad i Pakistan
25°22′45″N 68°22′06″E / 25.379166666667°N 68.368333333333°E / 25.379166666667; 68.368333333333
Wikimedia Commons: Hyderabad, Sindh

Hyderabad (sindiskrift حيدرآباد, urduskrift حیدرآباد) er den nest største byen i den pakistanske provinsen Sind. Byen ligg ved elva Indus. I 2011 hadde han eit folketal på 3 429 471,[1] mot 1 166 894 ved folketeljinga i 1998.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Pakka Qilla

Hyderabad har namn etter Ali, svigersonen til profeten Muhammed, som hadde tilnamnet Haydar. Byen blei grunnlagd av kalhoraherskaren Mian Ghulam Shah Kalhoro i 1768, som fekk bygd ein festning og andre bygg på ruinane til fiskarlandsbyen Neroon Kot. Festningen er kjend som Pacco Qillo eller Pakka Qilla, 'den sterke borga'. I 1789 flytta talpurherskaren Mir Fateh Ali Khan hovudstaden sin frå Khudabad til Hyderabad. I 1843 blei byen og festningen tekne over av Britisk India. Britane reiv dei fleste andre bygningane i byen i 1857 for å byggja militærbrakker, lager og liknande.[3]

Etter frigjeringa frå kolonistyret og delinga av Britisk India flykta hinduar og sikhar frå byen til det nye India, medan muslimar frå India slo seg ned i Hyderabad. Denne gruppa folk er kjend som mohadjirar i Pakistan. På 1980-talet braut det ut dødelege opptøyar mellom sindhinasjonalistar og mohadjirar. Uroa førte til at mange folk flytta innan byen som blei sterkare delt etter etniske linjer, med mohadjirar i Latifabad i sør og sindhiar i Qasimabad i vest.[4]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Hyderabad ligg på austbreidda av Induselva, 13 moh. ved 25,367 °N og 68.367 °E. Han ligg rundt 15 mil frå Karachi. To av dei største vegane i Pakistan, Indus Highway og National Highway, møter kvarandre ved Hyderabad. Byar i nærleiken av Hyderabad er Kotri (6,7 km unna), Jamshoro at (8,1 km), Hattri (5,0 km) og Husri (7,5 km).

Klima[endre | endre wikiteksten]

Hyderabad på 1800-talet. Dei små tårna på taka er vindfangarar.

Området har varmt ørkenklima (BWh etter Köppen si klimaklassifisering), og er varm heile året. Den varmaste tida er frå midten av april til seint i juni, då monsunen vanlegvis kjem. Temperaturane kan gå over 41 °C i mai. På denne tida fører vinden også gjerne med seg støvskyer slik at folk gjerne held seg inne på dagtid og nytter den kjøligare kveldstida i staden. Tradisjonelle hus her blei bygde med vindfangarar, tårn som førte vind ned til husa under og kjølte dei ned, og Hyderabad er også blitt kalla 'vindfangarbyen'.

Om vinteren kan dei høgaste temperaturane ligga rundt 25 °C om dagen, men dei kan gå under 10 °C om natta. Den høgaste temperaturen ein har mål her var 48,5 °C den 7. juni 1991, medan den lågaste var 1 °C, målt 8. februar 2012.

Sidan om lag 2000 har Hyderabad opplevd kraftige regnskyll. I februar 2003 fall det 105 mm regn i løpet av 12 timar. Fleire titals døyde i flaumen som følgde.[5][6] Liknande hendingar fann stad i 2006 og 2007. Den største nedbørsmengda i løpet av eit døgn blei målt 12. september 1862, då det fall 250,7 mm. September 1962 var også den våtaste månaden ein har målt, med 286 mm nedbør.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Klokketårnet ved Navalrai-marknaden er frå 1914.

Hyderabad er eit viktig industrisenter som produserer ulike bruksprodukt som tekstilar, skinn, sement, steintøy, speglar, papir, såpe, sukker og iskrem. Handverksprodukt laga her omfattar mellom anna sølv- og gullarbeid, lakk, dekorert silke og broderte lêrsalar. Hyderabad er også kjend for armringproduksjon, og nesten alle glasarmringane i Pakistan blir laga her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sindh population surges by 81.5 pc, households by 83.9 pc» Arkivert 2015-10-17 ved Wayback Machine., The News, 2. april 2012.
  2. «Population Size and Growth of Major Cities» Arkivert 2014-11-29 ved Wayback Machine., Census of Pakistan, 1998.
  3. «Pakka Qila Hyderabad». abbasikalhora.com. Arkivert frå originalen 4. juli 2014. Henta 16. november 2014. 
  4. «Pakistan Backgrounder». South Asia Terrorism Portal. Henta 14. april 2008. 
  5. «Pakistan floods leave many dead». BBC News. 18 February 2003. 
  6. «World Briefing – Asia: Pakistan: Floods Kill 88 And Maroon 100,000». The New York Times. 30 July 2003. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hyderabad i Pakistan