Hydrogenklorid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hydrogenklorid er ei uorganisk sambinding av hydrogen og klor med kjemisk formel HCl. Ved romtemperatur er HCl ein fargelaus gass som ved kontakt med vassdamp i lufta avgir kvitleg saltsyredamp. Hydrogenklorid løyst i vatn blir kalla saltsyre.

Hydrogenklorid er eit toatomig dipolmolekyl som består av eit hydrogenatom og eit kloratom.

Hydrogenklorid løyst i vatn avgir oksoniumion (H3O+) og klorion (Cl) i ein reaksjon som går begge vegar:

HCl + H2O → H3O+ + Cl

Kjelder[endre | endre wikiteksten]