Hydrokarbon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hydrokarbon er kjemiske sambindingar som berre inneheld karbon og hydrogen. Alkan er hydrokarbon med enkeltbindingar mellom alle atom. I alken er det dobbeltbinding mellom to karbonatom, og i alkyn er det trippelbinding. I tillegg er ein del aromatiske sambindingar hydrokarbon. Eit hydrokarbon kan innehalda meir enn ei dobbelt- eller trippelbinding. Namna sluttar på -an for alkan, -en for alken og -yn for alkyn. Dei fleste hydrokarbona er dårleg løyselege i vatn.

Hydrokarbon finst mellom anna i petroleum (olje, naturgass og naturgasskondensat). Nokre av dei vert brukt til framstilling av plast.