Hydrostatisk paradoks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hydrostatisk paradoks er namnet på ei lov som Blaise Pascal fann. Lova seier at trykket på botnen av eit kar med ei væske i, berre er avhengig av avstanden til overflata og av tettleiken til væska, men uavhengig av forma på karet.

Pascal viste òg at ein kan sprenge ei tynne når ein set eit høgt røyr som sluttar tett til opninga og fyllar tynna og røyret heilt med vatn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]