Hygge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hygge er gjerne knytt til avslappa aktivitetar, som å nyta varm drikke eller lesa ei bok i lune omgjevnader.

Hygge eller hyggje er ei kjensle av velvære i ein avslappa og venleg atmosfære, gjerne i samvære med familie eller vener. Hygge er ofte knytt til kvardagslege omgjevnader. Som verb er det synonymt med å kosa seg.

Ordet vandra frå norsk til dansk i løpet av 1800-talet. I dansk har ordet fått stor utbreiing og blir der brukt i langt fleire samanhengar enn i norsk, særleg i ordsamband og samansettingar, som hyggeaften, hyggebelysning, hyggefilm, hyggeforfatter, hyggekrog, hyggelampe, hyggelse[1] og råhygge.[2] Det dekker også eit større semantisk felt, særleg der det i norsk er vanlegare å bruka kos, til dømes i utropet «Hyg dig!».

Ordet har vandra vidare frå dansk til engelsk, og i 2016 kåra det britiske ordbokforlaget Collins «hygge» til eitt av årets ti ord i Storbritannia. Frå 2016 blei det gjeve ut fleire bøker på engelsk om hygge som livsstil.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ordet hygge stammar frå norrønt 'hyggja', som tyder «å tenka». Det er avleidd av 'hugr', jamfør hug, med grunntyding «gje seg inn», «trøysta», «gleda».

Ordet er truleg i slekt med gamalengelsk 'hycgan' av det germanske ordet 'hugyan', som tyder «å tenka, vurdera».

Ordet dukka opp i dansk skrift først på 1800-talet og har sidan utvikla seg til ein kulturell idé kjend i Danmark og Noreg i dag. Hygge tyder det same på norsk og på dansk og er mykje brukt i begge språka.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Vinterhalvåret i Norden har langt mindre dagslys enn elles i verda. Å dra på hytta er ofte knytt til hyggelege stunder.
Foto: Timo Newton-Syms

Omgrepet hygge har opphav i dei skandinaviske landa Noreg og Danmark, der vintrane kan vera lange og kalde. Dess lengre nord ein kjem for ekvator, dess mindre sollys kjem til i vinterhalvåret. Mangel på dagslys, som genererer vitamin D i huda og stimulerer til hormon relaterte til glede og søvn, kan gjera at ein kjenner seg meir slapp og gje opphav til vinterdepresjonar.[3] Den mørke tida på året har påverka folk til å søka varme og komfort i heimen og finna tid til å bruka med familie, vener og ein sjølv. I ein video for CNBC meiner forfattaren Meik Wiking, som har skrive bok om hygge, at den korte definisjonen på hygge er «kunsten å skapa ein hyggeleg atmosfære», noko som skjer overalt i verda, men at det unikt skandinaviske er ordet som skildrar situasjonen. Hygge blir skildra som ein naturleg måte å motverka depresjonar i dei mørke, kalde månadene. Vidare hevdar han at hygge kan reknast som ein «overlevingsstrategi» i dei nordiske landa og samanliknar det med korleis bjørnen et kaloriar og går i dvale om vinteren.[4] Ting som å tulla seg inn i eit tjukt pledd, eta kaloririk mat og ha på seg varme klede kan såleis vera menneskelege grep for å betre takla vinteren, slik bjørnen går i vinterdvale.[5]

Ein annan faktor som kan ha gjeve grunnlag for omgrepet hygge er at dei skandinaviske landa ofte er rekna som blant dei mest likestilte i verda og gjev innbyggarane flest god tilgang på utdanning, helsetenester og offentlege tenester. Samanlikna med USA der ein berre har kring 17 fridagar i året, har danskar til dømes 36 årlege fridagar.[4] I samfunn der grunnleggande behov er dekte, kan ein finna meir tid til eigne interesser og via seg til sosial, kreativ og personleg utforsking.

I Danmark er omgrepet blitt ein viktig del av dansk kulturell identitet.[6] Ei avrøysting for det danske Kulturministeriet i 2016 kåra hygge til ein av dei ti viktigaste verdiane som har forma Danmark.[7]

Oppleving av hygge[endre | endre wikiteksten]

Det kjende og trygge, med vekt på repetisjon av handlingar og utsegner, kan vera eit viktig grunnlag for hygge.[8] Nokre sentrale element som kan hjelpa ein å oppleva hygge er varme lyskjelder, sosialt samvære, god mat og drikke og heimlege omgjevnader.

Stearinlys kan bidra til å skapa ein hyggeleg atmosfære
  • Lys er eit grunnleggande element for dei som bur i skandinaviske land, på grunn av mindre sollys på dagen om vinteren som gjev behov for å bruka meir kunstige lyskjelder. Varmt lys, i nyansar av gult og oransje, bidrar til å skapa hyggeleg stemning.[4] Ein føretrekker som regel meir moderate lyskjelder, som lamper eller stearinlys, over sterkare lyskjelder, som taklys eller lysekroner, då dette hjelper å skapa ein meir intim og samla atmosfære. Å observera flammen på eit stearinlys eller elden i peisen svarar til ei øving i meditasjon, som stoppar tankestraumen og fører til ein tilstand av ro.[9]
Samvære i heimlege omgjevnader
  • Samvære med vener og familie i ein avslappa og venleg atmosfære, der alle står likt og ingen treng å vera sentrum for merksemda, er også ein grunnleggande hyggeleg situasjon. Samværet må vera i ein uformell atmosfære, gjestene må kjenna seg vel og velkomne og alle kjenner seg frie til å uttrykka seg og vera seg sjølv.[7] Slik er det mogeleg å utvikla autentiske relasjonar som genererer ei kjensle av tilhøyrsle.
  • Mat og drikke er ofte knytt til det å vera saman. Ein servera kan alt av god mat, også mindre sunne ting. Matvarer som ofte er assosierte med hygge er søtsaker, bakverk, kjeks, sjokolade og kjøt. Tillaging av maten saman med vener og lukta av heimelaga mat skaper òg ein hyggeleg atmosfære. Hygge er gjerne assosiert med varme drikker som te, kakao eller gløgg.
  • Heimlege omgjevnader er eit viktig grunnlag for å oppleva hygge. Ein hyggeleg heim er komfortabel, trygg og innbydande, og dei som bur der trivst og er i harmoni med innreiinga. Møbeldesignen i dei skandinaviske landa er ofte prega av enkelheit, mjuke linjer og særleg fokus på funksjonalitet. Å sleppa inn og reflektera så mykje lys som mogeleg er også avgjerande for ein heim, derav behovet for å laga store vindaugsopningar mot utsida og farga veggene med bleike, mjuke fargar. Innreiing av tre, papirdekorasjonar, puter, teppe, bøker, vedomnar og potteplantar bidreg til hyggelege omgjevnader i heimen. Ein kan ha ein «hyggekrok», vanlegvis i stova, der ein kan trekka seg tilbake og nyta ro.

På grunn av haust- og vintertradisjonar som jul, varme klede, pledd, kakao og vedfyring, kan vinter og haust tenkast å vera dei primære sesongane for hygge. Hyggeaugeblikk skjer likevel året rundt, inkludert om sommaren. Eit måltid med kaffi og kake kan vera ein måte å skapa hygge på.[10] Hygge er ofte knytt til opplevingar innandørs, og på 1960-talet blei dette brukt som eit argument for at danskar ikkje ville godtaka gågater.[11] Det finst likevel fleire døme på utandørsaktivitetar i varmare vêr som kan reknast som hyggelege, som piknikar, konsertar, gatemesser, sykling og å gå tur i fjellet.[12][13]

Føremonar med hygge[endre | endre wikiteksten]

Ifølge NRK blir nær ein halv million nordmenn meir nedstemte om hausten og inntil 150 000 nordmenn råka av haust- og vinterdepresjonar.[3]

Ifølge psykolog Johanne Refseth skal ein vera grei mot seg sjølv om hausten. Å legga til rette for hyggelege aktivitetar kan hjelpa ein å stressa ned, nyta dei små tinga i livet og betre handsama den kalde og mørke årstida.[3]

Hygge oppmodar til skjermfrie aktivitetar, som å lesa ei bok, spela brettspel eller prata med vener, noko som kan verka positivt inn på trivselen til ein på sikt. Reduksjon av skjermtid om kvelden kan hjelpa på søvnkvaliteten.[3] I vestlege land er det i nyare tid vanleg å bruka mykje tid føre datamaskinen eller til å sjå på fjernsyn til langt ut på natta, noko som kan verka negativt inn på døgnrytmen.[5]

Internasjonal interesse[endre | endre wikiteksten]

Frå møbelbutikk i Hongkong

I Storbritannia hadde fleire bøker med fokus på hygge blitt utgjevne frå 2016[14] som The Little Book of Hygge av Meik Wiking,[15] Hygge: The Danish Art of Happiness av Marie Tourell Søderberg,[16] og The Book of Hygge: The Danish Art of Living Well av Louisa Thomsen Brits.[17] Konseptet blei populært blant eit internasjonalt publikum i slutten av 2017, noko som resulterte i ein auke av nettsøk og framveksten av emneknaggen «#Hygge» på Instagram.[5] Ordet blei importert direkte til engelsk og Collins English Dictionary kåra hygge til nummer to (etter «Brexit») som årets ord i Storbritannia i 2016.[18]

Meik Wiking meinte at kombinasjonen av to faktorar bidrog til at hygge tok av internasjonalt: Den aukande oppfatninga om at pengar ikkje kan kjøpa lykke og at dei nordiske landa har blant den høgaste levestandarden i verda.[4] Populariteten til hygge førte til kommersialisering av konseptet som ein livsstil, der effektar som krus, duftlys og puter blei marknadsførte. I ein artikkel i Mashable skreiv Laura Byager at ho føler at den skandinaviske kulturen er blitt «fetisjisert», at «hygge aldri var noko ein kan kjøpa» og at «så snart konseptet hygge er brukt til å selja ting, mister det meininga si.»[19] I eit intervju med CNBC seier dansken Oliver Enné at hygge ikkje tyder noko anna enn det engelske «coziness» gjer. Vidare meiner han at ideen om å planlegga for hygge er utekkeleg og at ein berre kan sjå tilbake på ein situasjon og seia at «det var hyggeleg».[4]

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

I København, hovudstaden i Danmark, er det ei organisert vandring kalla Hygge & Happiness Tour.[20]

Akt II av Broadway-musikalen Frozen, basert på filmen frå 2013 under same namn, opnar med songen «Hygge», som handlar om å vera komfortabel, glad og saman.

I den australske såpeoperaen Neighbours innlemmar Jemima Davies-Smythe hygge inn i ein redesign av stua til halvbroren sin, Karl Kennedy.[21]

Ei britisk bustadutvikling i byen Keynsham i Somerset blei kalla «Hygge Park» av utviklaren Crest Nicholson i 2019.[22]

Det svenskeigde ferjeselskapet Stena Line tilbyr ein serie eksklusive opphaldsrom på sine ferjer til Irskehavet kalla «Hygge Lounges».[23] I september 2022 opna Hotel Hygge i Buellton i California.[24]

I den andre episoden av den andre serien av situasjonskomedien MotherlandBBC, «Soft Opening», opnar Amanda butikk kalla «Hygge Tygge» som, ukjent for henne, tyder «koseleg tygging».[25]

The Ghost and Molly McGee-episoden «Ready, Set, Snow» handlar om Molly som prøver å få mest mogeleg ut av ein søndag medan familien hennar og Libby blir inne for å oppleva «hygge».[26]

Liknande ord på ulike språk[endre | endre wikiteksten]

  • Dei nederlandske orda gezellig og gezelligheid har ei liknande tyding som hygge, også knytt til komfort og velvære, men dei nederlandske orda er ofte meir sosialt orienterte.[27]
  • Det tyske gemütlichkeit skildrar ein tilstand av varme, idyll og tilhøyrsle.
  • Det norske adjektivet koseleg er brukt til å skildra ei kjensle av varme, intimitet og å vera saman i eit triveleg miljø.
  • Det svenske adjektivet mysig (og substantivet mys) skildrar ei triveleg stemning av det å vera saman i ein hyggeleg setting.
  • Det japanske adjektivet og verbet まったり (mattari) tyder ei kjensle av roleg avslapping.[28]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Søk i Ordbog over det danske Sprog
  2. Björnberg, Alf; Stockfelt, Ola (1996). «Kristen Klatvask Fra Vejle: Danish Pub Music, Mythscapes and 'Local Camp'». Popular Music 15 (2): 131–147. ISSN 0261-1430. «When the Danish really concentrate on having a good time in the friendly Danish fashion, they call it råhygge - 'raw mirth' or 'serious revelling' (still with a dominant 'cosiness' factor). This includes drinking large quantities of beer, cheerful singing along, dancing and friendly discussions in loud, but never offensive, voices» 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Høstdepresjon». NRK (på norsk bokmål). 14. november 2022. Henta 17. november 2022. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «How Hygge Took Over America». YouTube. 25. november 2019. Henta 17. november 2022. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Stieg, Cory (23. november 2019). «Why people are so obsessed with ‘hygge,’ the cozy Danish lifestyle movement». cnbc.com (på engelsk). Henta 29. juli 2020. 
  6. Linnet, Jeppe Trolle (2011). «Money Can't Buy Me Hygge: Danish Middle-Class Consumption, Egalitarianism, and the Sanctity of Inner Space». Social Analysis: The International Journal of Social and Cultural Practice 55 (2): 21–44. ISSN 0155-977X. 
  7. 7,0 7,1 «Danmarkskanon - Hygge». danmarkskanon.dk. Arkivert frå originalen 15. mai 2021. Henta 23. november 2022. 
  8. Maruyama, Magoroh (1969). «Epistemology of Social Science Research : exploration in inculture researchers». Dialectica 23 (3/4): 229–280. ISSN 0012-2017. 
  9. «How to Do Candle Meditation and What Are the Benefits». Success Consciousness. Henta 13. november 2022. 
  10. Hahnemann, Trine (23. juli 2015). «Scandinavia». The Oxford Companion to Sugar and Sweets (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-931339-6. 
  11. Berdichevsky, Norman (1984). «Gågade, The Danish Pedestrian Shopping Street». Landscape Journal 3 (1): 15–23. ISSN 0277-2426. 
  12. «Hva betyr egentlig trend-ordet hygge?». VisitDenmark (på norsk bokmål). Henta 20. september 2022. 
  13. «5 Benefits of a Hygge Hike». bestillandwrite.com (på engelsk). 10. april 2021. Henta 17. november 2022. 
  14. Cartier-Morley, Jess (18. oktober 2016). «Hygge – a soothing balm for the traumas of 2016». The Guardian. Henta 7. november 2016. 
  15. Crace, John (11. september 2016). «The Little Book of Hygge by Meik Wiking – digested read». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 25. mai 2017. 
  16. «Hygge». Goodreads. Henta 25. mai 2017. 
  17. Williams, Zoe (29. september 2016). «The Book of Hygge review – can the Danes really teach us how to live?». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 25. mai 2017. 
  18. «Top 10 Collins Word of the Year 2016». collinsdictionary.com. 3. november 2016. Henta 7. november 2016. 
  19. «Your hygge-obsession is weird and misunderstood, please stop». Mashable (på engelsk). 23. november 2018. Henta 17. november 2022. 
  20. By Mie, Copenhagen. «Hygge & Happiness tour». copenhagenbymie.com (på engelsk). Henta 27. september 2020. 
  21. Astle, David (8. mars 2019). «David Astle's Wordplay: when Euro-curios become a gaffer-tape solution». Sydney Morning Herald. Henta 1. februar 2021. 
  22. «Hygge Park at Keynsham». Crest Nicholson. Henta 20. desember 2020. 
  23. «Hygge Recline Lounge | Stena Line». www.stenaline.co.uk (på engelsk). Henta 30. mai 2021. 
  24. Hertzfeld, Esther (6. september 2022). «Hotel Hygge opens in California's wine country». Hotel Management (på engelsk). Henta 7. september 2022. 
  25. «Soft Opening». IMDb. 
  26. «Ready, Set, Snow». IMDb. 
  27. Peeters, Bert (2020). BROMHEAD, HELEN; YE, ZHENGDAO, red. «Gezellig: A Dutch cultural keyword unpacked». In conversation with Anna Wierzbicka. ANU Press: 61–84. 
  28. Watanabe, Masaki (15. desember 2009). «That "Mattari" Feeling…: Why Today's Japanese Don't Want to Go Overseas». The Bulletin: a journal of Japanese-Canadian community, history+culture. Arkivert frå originalen 29. april 2021. Henta 27. april 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]