Hopp til innhald

Hylestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hylestad er ei bygd i Setesdal og ein tidlegare heradskommune i dåverande Aust-Agder fylke. Kommunen omfatta 570,4 km². Hylestad kyrkje frå 1839 ligg drygt 250 meter over havet. Elva Otra renn gjennom bygda frå nord til sør.

Hylestad vart skilt ut frå Valle og fekk frå 1. juli 1915 status som eigen kommune. Kommunen hadde då 658 ibuarar. Frå nyår 1962 vart Hylestad og Valle kommunar slått saman til dagens Valle kommune. Ved samanslåinga hadde Hylestad 662 ibuarar.

Jordbruk har vore hovudnæring i Hylestad, som elles er vide kjend for sylvsmed-kunst.

  • Norsk Allkunnebok. VI. Bandet. 1954