Hylestad kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°5′43.2″N 7°31′58.6″E

Hylestad kyrkje
Hylestad kirke
Hylestad kyrkje300.jpg
Hylestad kyrkje
Foto: Helge Haugland
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Otredal prosti
Sokn Valle og Hylestad
Fellesråd Valle
Type Åttekantkyrkje
Arkitekt H.D.F. Linstow
Material Tre
Innvigd 30. juni 1839
Klokker 1, O. Olsen & Søn, 1901
Altartavle Ole Neuwerth, 1781 (bilete, i ei ramme laga av Olav T. Berg)
Orgel Brødr. Torkildsen, 1991
Sitjeplassar 300
Wikimedia Commons: Hylestad kirke
For kyrkja med liknande namn i Ytre Sogn, sjå Hyllestad kyrkje

Hylestad kyrkje står på Hylestad ved Otra i Valle kommune og er den eine av to soknekyrkjer i Valle og Hylestad sokn i Otredal prosti.

Det er ei åttekanta kyrkje i lafta tømmer frå 1839, oppført av Anders «Kyrkjebyggar» Thorson Syrtveit etter typeteikning av Hans Ditlev Franciscus Linstow. Syrtveit bygde fleire kyrkjer i Setesdal. Hylestad kyrkje har 200 plassar og to galleri. I våpenhuset er det kopi av Hylestadportalane frå stavkyrkja, med motiv frå heltesegna om Sigurd Fåvnesbane. Altertavla har motiva «korsfestelsen» og «nattverden». Eit orgel med tolv stemmer vart laga av Brødrene Torkildsen Orgelbyggeri i 1991, står på galleriet.

Dagens kyrkje står på Rysstad, det gamle senteret i kommunen og er den tredje kyrkja i dette soknet. Den første, Hylestad stavkyrkje vart teken ned på 1600-tallet, og langkyrkja som hadde overtatt etter den hadde i 1830-årene begynt å forfalle. Da vart kyrkjestaden flytta frå Bjørgum på den austre sida av Otra til Rysstad på den vestre. Grunnen til dette var at dei fleste i soknet budde på vestsida av elven. Kyrkja vart reist ved den nye postvegen, dagens riksveg 9, det var ikkje lenger trong om å ro til kyrkje. Truleg vart brukbar materiar frå den gamle kyrkja brukt om att i den nye, på den tida var det lite skog i området.


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hylestad kyrkje 150 år. Hylestad sokneråd. 1989. 
  • Nenseter, Bjarne (1992). «Hylestad kyrkje». På kirkevandring i Aust-Agder. Arendal: Kilden forlag. s. 108-109. ISBN 82-7627-003-4. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]