Hyllestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For kommunen med same namn, sjå Hyllestad kommune.
For staden i Setesdal med liknande namn, sjå Hylestad.


Hyllestad
stad
Hyllestad
Foto: Egil Husabø
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Hyllestad
Postnummer 6957 HYLLESTAD
Kart
Hyllestad
61°10′16″N 5°17′45″E / 61.1711°N 5.29583°E / 61.1711; 5.29583

Hyllestad er kommunesenteret i Hyllestad kommune i Vestland. Staden ligg inst i Hyllestadfjorden og har vegsamband til Lavik i Høyanger kommune og Flekke i Fjaler kommune via Riksveg 607.

Kommunehuset med Lihesten bakom.
Foto: Egil Husabø

I Hyllestad ligg ymse kommunale tenester og Hyllestad kyrkje frå 1880. Hyllestad har vore kyrkjestad frå mellomalderen, men medan kyrkja sidan 1880 har stått på garden Myklebust stod ho tidlegare på garden Hyllestad, kring ein halv kilometer lenger nordaust. Hyllestad er ganske ny som tettbygd stad. Det var i 1970-åra at det vart bygd kommunehus, ungdomsskule, bank, post, butikk og byggjefelt på staden.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]