Hymas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hymas traktorgravarar vart produserte av Brumunddal Mekaniske Verksted, frå 1955 og utover. Hymas står for HYdraulisk MASkin. Føretaket endra namn til A.S. Hymas i 1965. Dei hadde dotterselskap i Danmark og Sverige (Svenska Hymas).

Føretaket vart oppkjøpt av Lundberg, som i sin tur vart oppkjøpt av det finske føretaket Valmet. Maskinene vart då selde som Valmet-maskiner, som traktorgravaren Valmet 6000 og den rundtsvingende beltemaskina Valmet 8200.

Då Valmet la ned fabrikken i Brumunddal tok dei tilsette over føretaket og heldt fram under namnet Hymax. Føretaket produserer ikkje lenger maskiner, men importerer dei frå andre produsentar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]