Hyme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tor og Hyme på fisketur.

Hyme (norrønt Hymir) er ein jotun i norrøn mytologi. Han er omtalt i Hymiskviða, som fortel om korleis han dreg ut på fiske med guden Tor. Tor vil fiske etter Midgardsormen og brukar eit oksehovud som agn. Ormen bit, men Hyme blir så redd at han kuttar snøret, og fangsten forsvinn i djupet. Soga er eit kjent motiv i norrøn kunst.

I følgje Hymiskviða er Hyme gift med gygra (jotunkvinna) Hrod (Hroðr) og far til åsen Ty. Han har fleire døtrar. Hyme eig ei stor gryte som æsene vil låna til eit gjestebod hjå Ægir. Det er for å få tak i denne at Tor oppsøker han og blir med på fisketur. Hyme er skildra som ein valdsam jotun, og i slutten av soga følgjer han etter æsene med ein trollskokk. Tor slår han då i hel med Mjølne.

Fisketuren er også omtalt i Gylvaginning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hyme