Hyperladning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hyperladning er ein storleik som blir brukt i elementærpartikkelfysikken for å karakterisere sterkt vekselverkande partiklar som tilhøyrer same ladningsmultiplett, det vil sei ei gruppe av partiklar som har praktisk talt same masse, og der alle andre eigenskapar bortsedd frå ladningen er like. Hyperladningen er gjeve som det dobbelte av den midlarane ladning til partiklane i ein ladningsmultiplett. Som oftast vert han skrive med kvantetalet Y.

Som døme på hyperladning kan nemnast at p-mesona med ladning +1, 0 og -1 får Y = 0, nukleona med ladning 1 (protonet) og 0 (nøytronet) har midlarar ladning ½ og Y = 1. Sterkt vekselverkande partiklar, hadronar, er sett saman av kvarkar. Både u- og d-kvarkane har hyperladning 1/3, medan s-kvarken har hyperladning –2/3.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

hyperladning. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/hyperladning