Hypnotized av Fleetwood Mac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hypnotized
Song av Fleetwood Mac
frå albumet Mystery to Me
Utgjeve 15. oktober 1973
Innspelt Midten av 1973
Rolling Stones Mobile Studio
Sjanger Rock
Lengd 4:48
Selskap Reprise
Låtskrivar(ar) Bob Welch
Produsent Fleetwood Mac & Martin Birch

«Hypnotized» er ein song skriven av Bob Welch. Songen vart gjeven ut av Fleetwood Mac i 1973 på albumet Mystery To Me, og sidan som B-side på singelen «For Your Love». Songen er skildra som «strålande med ein god tekst» og ofte trekt fram som den beste på albumet.[1]

Bakgrunn og stil[endre | endre wikiteksten]

Songen tar form som eit mystisk, draumeaktig stykke med eit rytmemønster av triolar på trommene av Mick Fleetwood kombinert med akustisk gitar og elektrisk elektrisk klaverinstrument som gjev eit jazzaktig tøtsj til songen.[2] Welch nytta jazzakkordar på songen, som er spelt i moll, og han inneheld ein gitarsolo av gitaristen Bob Weston.[2]

Teksten referer til hypnose og draumar «'Cause what matters most is the feeling you get when you're hypnotized... and it seems like a dream, they got you hypnotized.» Welch referer til stader som Mexico og Nord-Carolina. I følgje Welch var den mystiske atmosfæren i songen kraftig påverka av bustaden hans i Benifold Mansion i Hampshire i England, som han skildra som «heller skummel og rar sjølv på sommaren».[2]

I 1978 vart songen spelt inn av Pointer Sisters på albumet deira Energy,[3] og av Sweet Baby J'ai i 2003 på albumet Evolution.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]