Gulbrystmaurfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hypocnemis subflava)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gulbrystmaurfugl
Gulbrystmaurfugl
Gulbrystmaurfugl
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Hypocnemis
Art: Gulbrystmaurfugl H. subflava
Vitskapleg namn
Hypocnemis subflava

Gulbrystmaurfugl (Hypocnemis subflava) er ein medlem av maurfuglfamilien, Thamnophilidae, med utbreiing i søraustlege Peru aust for Andes, inn i nordlege Bolivia og litt i tilgrensande område av delstaten Acre i Brasil.[1] Han lever lokalt sympatrisk med brunflankemaurfugl.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein typisk maurfugl med mørk, streka overside og gul underside, ca. 11-12 centimeter lang og med kroppsvekt rundt 12 gram. Hovudet er mørkt med ei kvit sentral stripe og kvit augebrynstripe. Dekkfjørene er svarte med kvite tuppar som samlast i eit kvitt band når fuglen sit rolig. Den litt spinkle halen har brunt fargeskjær. Undersida er gradvis mørkare gul mot bakkroppen. Det kraftige nebbet og beina er grå. Hofuglane i underarten collinsi har lyst olivengrått i oversida av fjørdrakta der hannar er meir grå.[2]

Han skil seg mest frå dei næraste slektningane i fjørdrakt ved at undersida er reinare gul der dei andre er meir oransje eller raudbrune.[2]

Gulbrystmaurfugl er funnen på lågare høgdnivå i fuktig skog, kanskje opp til 1400 moh. mot foten av Andes.[2] Han lever av ulike insekt og edderkoppar og beitar i tett underskog med korte hopp, vippar med vengene og svingar halen frå side til side.[2]

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Fram til 2008 vart han sett på som ein underart av rustflankemaurfugl, Hypocnemis cantator, men basert på skilnader i vokalisering og i mindre grad skilnader i fjørdrakt har dei i seinare år blitt handsama som eigne artar. Etter ein studie med samanlikningar av læte og genetisk struktur blant maurfuglar, la gruppa framlegg om å handsame kvar av dei seks underartane av rustflankemaurfugl som sjølvstendige artstakson.[3] Synet blei stødd av South American Classification Committee og den nye taksonomien blei tatt inn i Clementslista frå desember 2009,[4] og er òg akseptert av IOC.[5] Det er for tida definert berre ein underart i tillegg til nominatforma, H. s. collinsi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. BirdLife International (2017) Species factsheet: Hypocnemis subflava. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. februar 2017
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Zimmer, K. & Isler, M.L. (2017) Yellow-breasted Warbling-Antbird (Hypocnemis subflava) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. februar 2017
  3. Isler, Isler, & Whitney. 2007. Species limits in antbirds (Thamnophilidae): The Warbling Antbird (Hypocnemis cantator) complex. The Auk. 124(1): 11-28. [11:SLIATT2.0.CO;2 doi:]
  4. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (desember 2009), Updates and Corrections – Desember 2009 Cornell Lab of Ornithology
  5. IOC-lista, versjon 7.1 listar dei seks artane, lest 8. februar 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]