Hopp til innhald

Hyrdingdikting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frühlingsabend («Vårkveld», Pastoral) av Ludwig Richter frå 1844.

Hyrdingdikting, også kalla «pastoral dikting» eller «bukolisk dikting», er ei gruppe litterære sjangrar i bunden eller ubunden form, det vera seg poesi, epikk eller drama, som har som felles tema hyrdinglivet, det idylliske landlivet, fred og gleder, gjeting etter sesongane og dei idealiserte gjeremåla til enkle menneske i landlege omgjevnader.

Sovande hyrde frå antikkens Roma (i dag ved Crypta Balbi museum).

Hyrdingdiktinga blir omtalt med fleire synonyme omgrep: «bukolisk» eller «pastoral», frå høvesvis det greske og det latinske ordet for «hyrding», bukolos og pastor. «Pastoral» kjem frå latin pāstōrālis, igjen avleidd frå gresk pāstor = «hyrding». Ordet går igjen i den kristne nemninga «pastor» som er den som gjeter kyrkjelyden, og er såleis også synonym til «den eldste» eller «presten».[1] At hyrdingdikt også blir kalla «eklogar», som betyr «utvalde dikt», kjem av at Vergil sine hyrdingdikt gjekk under dette namnet. Tilsvarande blei Theokrit sine dikt kalla for «idyllar», frå gresk eidyllion, «lite bilete», det vil seia «sjangerbilete».[2] Med det siste var den opphavlege tydinga «eit lite dikt» og ikkje eit dikt om idyllisk liv, sjølv om den siste tydinga har gjort seg gjeldande i moderne tid.

Pastoral litteratur

[endre | endre wikiteksten]
«Hyrding frå Arcadia», nyklassisistisk stilverk av Cesare Saccaggi.

«Pastoral» viser i litteraturen til ei skildring av livet på landet og i bygdene, og livet blant gjetarar og sauer og ei romantisert oppfatning av gardsarbeidet. Her blir hyrdingane diktarar og songarar. Ei typisk stemning er gitt av den engelske diktaren og dramatikaren Christopher Marlowe i nokre kjende linjer frå The Passionate Shepherd to His Love («Den lidenskapelege hyrdingen til sin elska»):

Come live with me and be my Love,
And we will all the pleasures prove
That hills and valleys, dale and field,
And all the craggy mountains yield.
There will we sit upon the rocks
And see the shepherds feed their flocks,
By shallow rivers, to whose falls
Melodious birds sing madrigals.

Pastorale gjetarar og gjetarjenter har vanlegvis greske namn som «Corydon» eller «Philomela», noko som er ein refleksjon av opphavet til sjangeren. Pastorale dikt er plassert i vakre, stemningsfulle landskap, det litterære omgrepet er locus amoenus, latin for «sjarmerande stad», som Arkadia, eit landskap midt på Peloponnes i Hellas, som er kjent som heimstaden til guden Pan.[3] Poetane skildra Arkadia som eit paradis, der sauegjeting og andre landsens aktivitetar blir framstilte som lite krevjande og reine kulissar. Livet blant hyrdinner og belarane deira er ein tilstand i perfekt tidsfordriv, ein vedvarande erotisk fantasi. Gjetarane bruker si tid på å jakta på vakre jenter, og stundom, som i den greske og romerske versjonen, også vakre gutar. Erotikken i den andre eklogen til Vergil, Formosum pastor Corydon ardebat Alexin («Gjeteren Corydon brann av lidenskap for den vakre Alexis») er openbert ikkje heterofil.

Felles emnar innanfor hyrdingdiktinga er kjærleik og forføring, verdien av poesi, døden og sorg, elendet i byen i motsetninga til «reinleiken» på landet. Eit poetisk tema i hyrdingdiktinga er eklog (dialog mellom to gjetarar), til dømes mellom ein hyrding og ei hyrdinne han elskar eller prøver å forføra; ein «songkonkurranse» for å avgjera kva hyrding som er den beste poeten; eller ein sofistikert disputt mellom to hyrdingar om ei kvinne, hjorda deira, eller ei samtidig hending, ein sørgjesong for ein død venn (elegi), eller lovprising av ein høgtståande person.

Eit viktig uttrykk var den pastorale sørgjesongen som uttrykte tapet av ein tapt venn, der ein gjerne påkalla musa, uttrykte sorga til poeten, lovprisa den avdøde, forbanna av døden, og diktaren til slutt erkjende at døden var uunngåeleg. Dei pastorale sørgjesongane eller elegiane blei framleis praktiserte på 1800-talet av romantiske og viktorianske poetar, til dømes Percy Bysshe Shelley i Adonais (1821) som han skreiv etter døden til John Keats.[4]

Antikt opphav

[endre | endre wikiteksten]
Theodulus, Ecloga, trykt av Konrad Kachelofen i Leipzig i 1492.

Allereie i antikken blei sjangeren dyrka, då under nemninga bukolisk dikting, frå gresk βουκóλος i tydinga «gjeter», noko som reflekterer det greske opphavet til pastoral dikting. Diktinga byrja med poesien til den hellenistiske Theokrit (Theokritos), ein greskspråkleg diktar frå Sirakusa (Syrakus) på 200-talet f.Kr.,[5] som skildra landskapet på austkysten av Sicilia for den urbane befolkninga i Alexandria.

Fleire av idyllane hans er lagde til landet, kanskje også for å skildra landskapet på øya Kos i Egearhavet der han også hadde budd. Innhaldet i dikta handla om samtalane til gjetarane.[6] «Pastoralt» blir ofte definert som «romantisk» i motsetning til «realistisk», men Theokrit si dikting var ektefølt og konkret, og ikkje prega av den kunstige overfladiskheita som pregar seinare hyrdingdikting. Hyrdingane er ekte gjetarar, og språket er stundom saftig. Theokrit kan ha vore inspirert og henta materiale frå dei folkelege overleveringane til dei sicilianske gjetarane. Han skreiv på dorisk dialekt, men versemålet han valde, var daktylisk heksameter assosiert med den mest prestisjetunge forma for gresk poesi, epikken. Denne blandinga av enkelheit og raffinement ville koma til å spela ei stor rolle i den seinare hyrdingdiktinga.

Ludwig Richter, Auf Bergeshöhe («På fjellhøgda»), teikning ca. 1840

Theokrit blei etterlikna av dei greske poetane Bion frå Smyrna og Moskhus. Den romerske diktaren Vergil tilpassa sjangeren til latin med sine svært innverknadsrike Bucolica eller Eclogae, som består av ti hyrdingdikt. Vergil presenterte ein meir idealisert visjon av livet på landet enn Theokrit, og var den fyrste til å plassera dikta sine i Arkadia, som sidan blei ein favorittstad for seinare pastoral dikting. Han inkluderte også element av politisk allegori.[7]

I prosa er Dafnis og Chloë, skrive av Longos, truleg på 200-talet, eit utmerkt døme på ein tidleg hyrdingroman. Det er også det einaste kjende verk som att etter etter Longos, som har handling frå øya Lesbos som ein går ut frå også var heimen til diktaren. Stilen er retorisk såvel som pastoralsk, med hyrdingar og hyrdinner som er konvensjonelle, men forfattaren bringer også menneskeleg interesse til den idealiserte verda. Dafnis og Chloë er meir lik ein moderne roman enn dei andre erotiske romanseverka frå samtida si.

Italienske diktarar gjenoppliva den pastorale diktinga på 1300-talet og framover, fyrst på latin, mellom anna av Petrarca, Jovianus Pontanus og Baptista Mantuanus, og deretter på italiensk ved mellom anna Matteo Maria Boiardo. Moten med hyrdingdiktinga spreidde seg gjennom heile Europa i renessansen. Leiande franske pastorale diktarar var mellom anna Clément Marot og Pierre de Ronsard.

I Spania var Garcilaso de la Vega (1503-36) ein viktig føregangsdiktar, omsett til norsk av Kari Näumann:

Mens ennå rosen rød og liljen skjær
gir farge til din munn og dine kinn,
og blikk som røper ildfullt, ærbart sinn,
kan tenne hjertet, tøyle dets begjær.

Dei fyrste engelske pastoralane var Eclogues (ca. 1515) av Alexander Barclay som var sterkt påverka av poeten Baptista Mantuanus. Ein milepåle i engelsk hyrdingdikting var Shepheardes Calender («Kalenderen til hyrdingen») av Edmund Spenser, som fyrst kom ut i 1579. Verket til Spenser består av tolv eklogar, ein for kvar månad i året, og skrive på dialekt. Det består av elegiar, fablar og ein diskusjon om rolla til poesien i samtidas England. Spenser og vennene hans verka under ulike dekknamn, Spenser sjølv er Colin Clout («Kalle Klut»). Spenser blei etterlikna av andre diktarar som Michael Drayton (Idea, The Shepherd's Garland) og William Browne (Britannia's Pastorals).

Den mest kjende pastorale elegien på engelsk er Lycidas (1637) av John Milton, som blei skriven i samband med dødsfallet til Edward King, ein medstudent ved Cambridge. Milton brukte diktforma både til å utforska sin eigen profesjon som diktar og til å angripa det han såg på som misferda til kyrkja. Det formelle engelske pastorale diktet døydde ut på 1700-talet, eit av dei siste kjende døma er Pastorals (1709) av Alexander Pope. Forma blei deretter parodiert av forfattarar som John Gay i Shepherd's Week, kritisert for kunstferdigheita si av Samuel Johnson og angripen for den manglande realismen sin av George Crabbe, som sjølv prøvde å gje eit sannferdig bilete av livet på landet i diktet sitt The Village («Landsbyen», 1783).

Hyrdingdiktinga overlevde uansett meir som ei stemning enn som ein sjanger, noko ein kan sjå att i verk som Thyrsis (1867) av Matthew Arnold, ein sørgjesong over dødsfallet til meddiktaren hans Arthur Hugh Clough.[8]

Pastorale romansar

[endre | endre wikiteksten]
William Bouguereau, Pastourelle («Hyrdinne»), oljemåleri, 1889

Italienske forfattarar fann opp ein heilt ny sjanger, den pastorale romansen, som blanda hyrdingdiktet med ei fiktiv prosaforteljing. Sjølv om det ikkje eksisterte ein klassisk forløpar til forma, trekte ho ein del inspirasjon frå dei greske romanane frå antikken der handlinga var plassert på landet, til dømes som ved Dafnis og Chloë av Longos. Det mest innverknadsrike italienske dømet var Arcadia (1504) av Jacopo Sannazaro. Den pastorale romansen spreidde seg over heile Europa og skapte viktige verk, som Diana (1559) av Jorge de Montemayor i Spania, Arcadia (1590) av Philip Sidney i England, og L'Astrée (Astreas historie, gitt ut 1607–27) av Honoré d'Urfé i Frankrike.

Pastorale skodespel

[endre | endre wikiteksten]

Det pastorale dramaet voks også fram i Italia under renessansen. Igjen var det få klassiske forløparar, med det moglege unntaket i dei greske satyrspela. Orfeo (1480) av Angelo Poliziano viste byrjinga på den nye forma, men ho nådde høgdepunktet sitt på slutten av 1500-talet med Aminta (1573) av Torquato Tasso og Il pastor fido (1590) av Giovanni Battista Guarini.

Endimion (1579) av John Lylys førte den italiensk-inspirerte pastorale stilen til England. The Faithful Shepherdess («Den trufaste hyrdinna») av John Fletcher og The Sad Shepherd («Den sørgmodige hyrdingen») av Ben Jonson er seine døme. Nokre av William Shakespeare sine skodespel inneheld pastorale element, mest merkbart i Som dere vil ha det frå 1599 (As You Like It), der handlinga var teken frå Thomas Lodge sin pastorale romanse «Rosalynde», og «Vintereventyret» frå 1611 (The Winter's Tale), der akt 4, scene 4 er ein lengre pastoral digresjon.

Hyrdingdikting i norsk litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Det fyrste norske hyrdingdiktet er tilskrive Hallvard Gunnarssøn (død 1608) som skrev Akrostichis på latin.

Edvard Storm, som blei fødd i Våga i Gudbrandsdalen i 1749 og døydde i København i 1794, er heller ikkje blant dei mest sentrale norske forfattarane, men mykje av det han skreiv, representerte interessante brytningar i samtida, mellom norsk og dansk identitet, mellom heimlege og framande impulsar.[9]

Kristian Elster meinte at då Storm skreiv sine gudbrandsdalsdikt på lokal norsk dialekt, vågåmål, blei dei lyriske skildringane hans sanne og realistiske, men hadde han gjort det same på dansk, noko han oftast gjorde, «skulde det ha blit hyrdepoesi av dem».[10] Storm hadde lese mange av dei antikke diktarane, spesielt Horats, som han gjorde fleire frie gjendiktingar av i Samlede Digte.

Ein finn også pastorale stemningar i Maurits Hansen sine noveller. Det same gjer ein hjå Bjørnstjerne Bjørnson, kanskje særleg i dei tidlegaste bondeforteljingane hans, men mest i stemninga, ikkje nødvendigvis som eit medvite sjangertrekk. Grunnen til at ein ikkje finn sjangeren meir dyrka i Noreg, kan vera at den kulturelle eliten lenge orienterte seg mot Danmark og kontinentet, og når ein fyrst byrja å sjå på det norske samfunnet, blei ein meir oppteken av ei realistisk framstilling av det norske bondesamfunnet. Pastoraldiktning ligg likevel i ei form for romantisering av bondelivet, men ofte med eit realistisk skjer over det heile, sjølv i stordomstida til romantikken.

  1. Bibelen: Jeremia 3,15: «Så gir jeg dere hyrder, slike som jeg vil ha, og de skal vokte dere med kunnskap og forstand
  2. Beyer, Edvard et al: Verdenslitteraturhistorie, bind 1. Oslo 1972. Side 401
  3. «locus amoenus», Oxford classical dictionary
  4. «Percy Bysshe Shelley: Adonais». Arkivert frå originalen 3. mars 2015. Henta 6. februar 2008. 
  5. Østbye 1922. Østbye, P., Teokrit: Utvalgte idyller, Kristiania (Oslo) 1922
  6. Introduksjon (side 14) til Virgil: The Eclogues, oversatt til engelsk av Guy Lee (Penguin Classics)
  7. Artikkel om «Bucolic poetry» i The Oxford Companion to Classical Literature (1989)
  8. Matthew Arnold: Thyrsis
  9. Olav Solberg: Hyrdedikting på norsk? Edvard Storms lyriske dikting Arkivert 21. september 2007 på Wayback Machine.
  10. Elster, Kristian: Illustreret norsk litteraturhistorie, side 530-533. Kristiania 1923.