Hyrule Warriors
Utsjånad
| Hyrule Warriors | |||
| Utviklar(ar) | Omega Force Team Ninja | ||
|---|---|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo Koei Tecmo (Japan) | ||
| Distributør | Nintendo eShop | ||
| Kreativt ansvarleg(e) | Masaki Furusawa | ||
| Produsent(ar) | Hisashi Koinuma Yosuke Hayashi | ||
| Serie | Dynasty Warriors, The Legend of Zelda, Hyrule Warriors | ||
| Plattform(er) | Wii U, Nintendo 3DS, Nintendo Switch | ||
| Utgjeving | Wii U JP: 14. august 2014 EU: 19. september 2014 NA: 26. september 2014 Nintendo 3DS JP: 21. januar 2016 EU: 24. mars 2016 NA: 25. mars 2016 Nintendo Switch 18. mai 2018 | ||
| Sjanger | Action | ||
| Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
| Aldersgrense | PEGI 12 | ||
| Nettstad | http://zelda.com/hyrule-warriors/, http://www.gamecity.ne.jp/zelda/ | ||
| Del av serien Dynasty Warriors, The Legend of Zelda, Hyrule Warriors⠀ | |||
| Hyrule Warriors Legends→ | |||
Hyrule Warriors er eit actionspel utvikla av Omega Force og Team Ninja og utgjeve av Nintendo. Det vart utgjeve til Wii U i Japan i august 2014, og internasjonalt månaden etter. Spelet er utvikla i samarbeid mellom Koei Tecmo og Nintendo og er ein del av både Nintendo-serien The Legend of Zelda og Koei Tecmo-serien Dynasty Warriors. Det har selt over ein million kopier på Wii U.[1]
Ei utvida utgåve av spelet til Nintendo 3DS med tittelen Hyrule Warriors Legends vart utgjeven i Japan i januar 2016 og internasjonalt i mars 2016. Ei utgåve av spelet til Nintendo Switch, Hyrule Warriors: Definitive Edition, vart utgjeven i Japan i mars 2018 og internasjonalt i mai 2018.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Koei Tecmo Releases Awesome Hyrule Warriors Wallpapers to Celebrate One Million Units Shipped». Nintendo Life. Henta 16. juli 2019.
- ↑ «Wii U games Donkey Kong: Tropical Freeze, Hyrule Warriors headed to Nintendo Switch». Eurogamer. Henta 16. juli 2019.