Hyrule Warriors: Age of Calamity

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hyrule Warriors: Age of Calamity

Utviklar(ar)Omega Force
Utgjevar(ar)Koei Tecmo Holdings
DistributørNintendo eShop
Komponist(ar)Kumi Tanioka
SerieThe Legend of Zelda, Dynasty Warriors
Siste versjon1.0.0, 1.0.1, 1.1.0, 1.2.0, 1.2.1
Plattform(er)Nintendo Switch
Utgjeving20. november 2020
Sjangerhack and slash, actionspel
Spelemoduseinspelar, fleirspelar
Nettstadhttps://www.zelda.com/hyrule-warriors, https://www.gamecity.ne.jp/zelda-yakusai/
Del av serien The Legend of Zelda, Dynasty Warriors⠀

Hyrule Warriors: Age of Calamity[a] er eit hack-and-slashspel utvikla av Omega Force. Det vart utgjeve av Koei Tecmo i Japan og av Nintendo internasjonalt til Nintendo Switch i 2020. Handlinga er sett til 100 år før hendingane i The Legend of Zelda: Breath of the Wild,[1] Link og prinsesse Zelda må samla allierte rundt om i Hyrule for å avverja styrkane førte av den vonde Calamity Ganon, som prøver å gjenoppliva seg sjølv og leggja kongeriket i ruinar.

I likskap med det originale Hyrule Warriors (2014), er Age of Calamity ein «crossover« som blandar verda og karakterane frå The Legend of Zelda-serien til Nintendo med spelemekanikkane frå Dynasty Warriors-serien til Koei Tecmo.[2][3] Hyrule Warriors: Age of Calamity fekk positiv mottaking for spelemekanikkane, dei varierte spelestilane til dei ulike karakterane, mengda av innhald, grafikken, lydsporet og utvidinga av historia i Breath of the Wild. Det fekk kritikk for korleis det yta, særleg den ujamne biletfrekvensen, og handlinga fekk noko blanda respons, særleg bruken av tidsreiser. Over tre millionar kopiar av Age of Calamity vart distribuerte i løpet av dei fire første dagane etter lanseringa, som gjorde det til det mestseljande spelet i Warriors-serien til då.

Merknader[endre | endre wikiteksten]

  1. Zelda Musou: The Calamity's Apocalypse (ゼルダ無双 厄災の黙示録 Zeruda Musō Yakusai no Mokushiroku) i Japan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bankhurst, Adam (8. september 2020). «Hyrule Warriors: Age of Calamity Announced, Set '100 Years Before The Legend of Zelda: Breath of the Wild'». IGN. Arkivert frå originalen 25. november 2020. Henta 8. september 2020. 
  2. Hou, Philip (15. september 2020). «Hyrule Warriors: Age of Calamity - The History of Musou Titles». CBR. Arkivert frå originalen 6. oktober 2020. Henta 4. november 2020. 
  3. White, Lucas (29. oktober 2020). «Hyrule Warriors: Age of Calamity Preview | Musou Goes Hollywood». Prima Games. Henta 13. november 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]