Hopp til innhald

Hythe i Kent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hythe
by
Hovudgata i Hythe.
Foto: Chris Whippet (2009)
Land  England
Region Kent
Distrikt Shepway
Folketal 14 170 (2001)[1]
Postnummer CT21
Retningsnummer 0 1303
Kart
Hythe
51°04′18″N 1°05′02″E / 51.0716°N 1.084°E / 51.0716; 1.084
Wikimedia Commons: Hythe, Kent

Hythe er ein liten marknadsby i grevskapet Kent i England. Han har kring 14 000 innbyggjarar og ligg i utkanten av Romney Marsh på sørkysten av Kent. Namnet kjem frå gammalengelsk hyth, ‘landingsplass’, og viser truleg til ein landingsstad ved den tidlegare elva Limen.[2]

Byen har bygningar frå mellomalderen og georgtida og ei kyrkje frå angelsaksisk eller normannisk tid. Hythe var ein gong forsvart av to borger, Saltwood og Lympne. Rådhuset vart bygd i 1794.

  1. «Key Statistics». Office for National Statistics. Tables KS001 (Usual resident population) and KS016 (Household spaces and accommodation type). Henta 23. juni 2025.
  2. «HALOGEN - HALOGEN», halogen.le.ac.uk, henta 11. februar 2026

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Hythe i Kent