Hákarl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hákarl heng til tørk på BrarnahöfnIsland.

Hákarl, eller kæstur hákarl er ein islandsk matrett som vert laga av håkjerring eller brugde. Fiskekjøtet vert konservert gjennom ein fermenteringsprosess.

Framstilling[endre | endre wikiteksten]

Vakumpakka hákarl i ein butikk

Haikjøtet vert reingjort og skore i stykke. Tradisjonelt har det så vorte nedgreve i, gjerne sandhaldig jord i 6–12 veker, alt etter årstid. Då gjennomgår det ein gjæringsprosess. Denne prosessen kan og foregå ved at kjøtet ver plassert i treboksar. Etter gjæringa vert haikjøtet så hengt til tørk i 3 – 4 månader.

Hákarl har ein sereigen ammoniakaktig fiskesmak og lukt. Og liksom annan fermentert mat, som til dømes surströmming, har han fått ord på seg av å vere nesten uråd å ete.[1][2] På Island, der mange har erfaring med denne retten, vert han sett pris på. Hákarl er vanleg å få kjøpt i islandske butikkar året rundt.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hákarl (Rotten Shark) - The Worst Thing I Have Ever Had In My Mouth (på engelsk), henta 30. januar 2023 
  2. «Hakarl and Brennivin: An Acquired Taste», The Slow Road Luxury Travel Blog (på engelsk), 20. august 2013, henta 30. januar 2023 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]