Håkjerring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Håkjerring
Håkjerring
Håkjerring
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av håkjerring
Utbreiinga av håkjerring
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Bruskfiskar Chondrichthyes
Infraklasse: Neoselachii
Overorden: Squalomorphii
Orden: Håar Squaliformes
Familie: Håkjerringfamilien Somniosidae
Slekt: Somniosus
Art: Håkjerring S. microcephalus
Vitskapleg namn
Somniosus microcephalus

Håkjerring er ein stor hai i håfamilien som held til i arktiske farvatn i Nord-Atlanterhavet, særleg i havet mellom Island og Grønland, men òg langs norskekysten og i Barentshavet. Leveviset til denne haiarten er lite utforska. Namnet håkjerring har denne haiarten fått fordi ein tidlegare trudde dette var hofisken av same arten som håbrand.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Håkjerring i havet.

Ei håkjerring er oftast mellom tre og fire meter lang. Ho veg då om lag 300 kg. Ho kan verte mykje større, heilt opp til åtte meter. Ho veks seint. Ei håkjerring som vart fanga ved Grønland, skal ha vore merkt ved norskekysten 16 år tidlegare[1]. Ho hadde vakse åtte centimeter.Håkjerringa føder levande ungar. Det vart først bekrefta i 1954 då ein norsk fiskebåt fekk ei håkjerring med ti levande foster.

Tennene til håkjerring.

Ei håkjerring har 48—52 små kvasse tenner i kvar kjeve. Ho vert rekna som ein altetande rovfisk. I magen til håkjerringar har ein mellom anna funne heile selar av ulikt slag, torsk, laks, lange og storkveiter. Steinkobbe kan ho take medan han søv i vatnet[2]. Det er uklart korleis ho fangar kjappe skapningar som torsk og laks. Dei fleste håkjerringar er angripne av parasittar i auga. Ein parasittisk kopepod (Ommakotoita elongata) festar seg på hornhinna. Sjølv om haien vert svært gammal, syner undersøkingar at berre eit fåtal har så mykje arrvev i auge at det hemmar synet vesentleg.[3]

Parasittane har lange eggsekkar som heng ut frå auget. Det har vorte framsett teori om at når eggsekkane viftar framfor auge kan dei lokke fisk bort til håkjerringhovudet[4].

Alder[endre | endre wikiteksten]

Håkjerringa veks svært seint. Kanskje berre omlag ein centimeter i året. Ho har ikkje vekstsoner i øyresteinane, slik ein finn hjå andre fiskeartar. Det har difor vore vanskeleg å bestemme alderen til haien.[5]

Ved seinare forsking har ein studert den radiaktive isotopen 14C i augelinsa hjå håkjerring. Vevet i linsa daudt og det vert ikkje tilført meir 14C etter at fisken er fødd. Ved å ekstrapolere målingane meiner dei å ha påvist at håkjerring først vert kjønnsmoden ved 130-års alderen.Den eldste undersøkte håkjerringa var 5,02 m lang og 392 ± 120 år gammel, noko som gir ein maksimal alder på omlag 510 år.[6][7]

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Håkjerringfiske har gått føre seg over heile utbreiingsområdet. Ho har vorte fiska for å utvinne tran av den feitthaldige levra. Ein reknar at levra tilsvarar 12% av fisken. Ein kan få opp til 60 % olje av levra. Håkjerringkjøtet kan etast, men det blir ofte rekna som dårleg mat. Det kjem av at det vert utvikla ammoniakk i fiskekjøtet kort tid etter han er daud. Om kjøtet vert salta, isa eller frose når det er heilt ferskt, kan det omsetjast til konsum. Det har vorte gjort både i Europa og USA. Tidlegare veit ein at håkjerringkjøt vart turka som rekling både i Noreg, Island og Grønland. Det kunne og verta nedgrave, slik at det gjæra før det vart opphengd.

Fiske av håkjerring har vorte populært mellom sportsfiskarar. Den norske sportsfiskerekorden er på 775 kg.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Håkjerringfiske.htm[daud lenkje]
  2. NRK-program om håkjerring som drep steinkobbe
  3. Blogg. Forsking.no På vei mot ny viten om håkjerring
  4. Fiskeri.no
  5. «Alder på håkjerring». Havforskningsinstituttet. Arkivert frå originalen 16. februar 2016. Henta 12. februar 2016. 
  6. E. Pennisi (11. august 2016). «Greenland shark may live 400 years, smashing longevity record». Science. Henta 11. august 2016. 
  7. J. Nielsen m.fl. (2016). «Eye lens radiocarbon reveals centuries of longevity in the Greenland shark (Somniosus microcephalus)». Science 353 (6300): 702–704. ISSN 1095-9203. doi:10.1126/science.aaf1703. 
  8. Fiskerekorder.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Håkjerring