Håkon Bleken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Håkon Bleken

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. januar 1929 (95 år)
Trondheim
Yrke kunstmålar
Håkon Bleken på Commons

Håkon Bleken (fødd 9. januar 1929) er ein norsk kunstmålar og grafikar. Han er busett i Trondheim, der han òg vart fødd.

I 1999 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Det kongelege hoff kunngjorde vidare den 4. september 2009 at kongen har forfremja Bleken til kommandør av St. Olavs Orden for virket hans som biletkunstnar. I tillegg fekk han Anders Jahres kulturpris i 2005.

Gjennombrotet kom i 1971 med ein serie kolteikninger kalla Fragmenter av et diktatur. Vidare er Bleken kjend for å bruka litterære verk som utgangspunkt. Doktor Faustus av Thomas Mann, Hedda Gabler av Henrik Ibsen og Prosessen av Franz Kafka er verk han stadig vender tilbake til i produksjonen sin. Menneskeleg liding og samfunnsengasjement er sentrale tema hos Bleken.

Han vann konkurransen om det offisielle signingsbiletet av kong Harald V og dronning Sonja, det heng i dag i Stiftsgården i Trondheim. Bleken har portrettert fleire kjende personar, som kong Olav V, Wenche Foss og Arne Nordheim.

Han har også gjort seg sterkt bemerka som illustratør av skjønnlitterære verk. Han har illustrert sentrale verk som Haugtussa av Arne Garborg, Mysterier av Knut Hamsun, Babettes Gjestebud av Karen Blixen og Dalen Portland av Kjartan Fløgstad - samt plateomslaget til Åge Aleksandersens Snöharpan.

Illustrerte bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Kjell Askildsen, Thomas F's siste nedtegnelser til almenheten, med ein biletserie av Håkon Bleken. [Oslo] 2007: Bokklubben. ISBN 978-82-525-6525-6
  • Karen Blixen, Babettes gjestebud, omsett av Inger Hagerup, illustrert med ein biletserie av Håkon Bleken. [Oslo] 1998: Den norske bokklubben. ISBN 82-525-3826-6
  • Arne Garborg, Haugtussa ; med illustrasjonar av Håkon Bleken. [Oslo] 1995: Aschehoug. ISBN 82-03-17542-2
  • Knut Hamsun, Mysterier; med illustrasjonar av Håkon Bleken. [Stabekk]1992 : Den norske bokklubben. ISBN 82-525-2154-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur