I'll Be Home for Christmas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«I'll Be Home for Christmas» er ein julesong spelt inn i 1943 av Bing Crosby som fekk ein hit med songen. Han vart skriven til ære for soldatar som var ute i krigen og lengta heim til jul. «I'll Be Home for Christmas» har sidan blitt ein julestandard.[1]

Tema[endre | endre wikiteksten]

Songen vert sungen frå synspunktet til soldatar som var ute i krigen under andre verdskrigen, eit brev heim til familien. I brevet fortel han at han kjem heim til jul og at han ønskjer seg snø, misteltein og gåver under treet. Songen endar melankolsk då soldaten syng «I'll be home for Christmas, if only in my dreams.»[2]

Låtkriving[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven av tekstforfattaren Kim Gannon og komponisten Walter Kent. Buck Ram, som skreiv eit kjent dikt og song med same tittel, vart oppført som medlåtskrivar av songen etter eit søksmål av forlaget til Ram, Mills Music.[3] Den originale innspelinga frå 1943 av Bing Crosby på Decca Records hadde berre Walter Kent og Kim Gannon oppført som låtskrivarar. På seinare utgjevingar vart Buck Ram lagd til som låtskrivar.

Bing Crosby-innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Crosby spelte inn songen den 4. oktober 1943 under tittelen «I'll Be Home For Christmas (If Only In My Dreams)» med the John Scott Trotter Orchestra for Decca Records, gjeven ut på singel som Decca 18570A, Matrix #L3203, og på ny i 1946 som Decca 23779. I løpet av ein månad etter songen kom ut, låg han elleve veker inne på singellista og nådde tredjeplassen. Året etter nådde songen nittandeplassen på lista.

U.S. War Department gav innspeligna til Bing Crosby av «I'll Be Home For Christmas» frå 7. desember 1944 i Kraft Music Hall med the Henderson Choir, J.S.T. ut på V-Disc.[4][5] Songen frå sendinga finst òg på fleire samleplater med Bing Crosby.

Songen rørte hjarta til amerikanarane, både soldatar og sivile, som var midt i andre verdskrigen, og gav Crosby den femte gullplata hans. «I'll Be Home for Christmas» vart den mest etterspurte songen på forskjellige juleshow. Magasinet Yank sa at Crosby «gjorde meir for militærmoralen enn nokon annan på den tida».

Trass i populariteten hos amerikanarane, bannlyste BBC songen i Storbritannia, fordi dei frykta at teksten ville føre til dårleg moral hos dei britiske soldatane.[6]

Andre innspelignar[endre | endre wikiteksten]

«I'll Be Home for Christmas» vart spelt inn av Perry Como (1946), Frank Sinatra (1957), Sara Evans (Hear Something Country - Christmas 2007, 2007),[7] Kelly Clarkson (iTunes Session & Wrapped in Red)[8] og mange andre.[9] Nokre av artistane som har spelt inn songen er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «I'll Be Home for Christmas» frå Wikipedia på engelsk, den 10. november 2015.
  • I'll be home for Christmas
  • Ewen, David, ed. American popular songs from the Revolutionary War to the present. New York: Random House, 1966. Call number: ML128 .N3 E9.
  • Whitburn, Joel. Joel Whitburn's pop hits, 1940-1954: compiled from Billboard's pop singles charts 1940-1954. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research, 1994. Call number: ML156.4 .P6 W495 1994.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]