I'll Be There (If You Ever Want Me)
I'll Be There (If You Ever Want Me) Singel av Ray Price | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | Januar 1954 | |
Innspelt | 28. desember 1953 Nashville, TN, U.S.[2] | |
Sjanger | Country | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) |
| |
Produsent | Don Law | |
Ray Price-kronologi | ||
«Leave Her Alone» (1953) |
I'll Be There (If You Ever Want Me) | «I'm Much Too Young to Die» (1954)
|
«I'll Be There (If You Ever Want Me)»' er ein song skriven og gjeven ut på singel av den amerikanske countryartisten Ray Price. Etter at han vart ein stor countryhit i 1954, vart songen ofte spelt av andre artistar, som Cowboy Copas, Elvis Presley, Connie Smith, Johnny Bush, George Jones og Tammy Wynette, Ronnie Milsap, Heather Myles, Martina McBride, Sam Palladio, Don White & Eric Clapton, Willie Nelson, Nick Lowe, Gail Davies og J.J. Cale.
Ray Price-versjonen[endre | endre wikiteksten]
Ray Price skreiv «I'll Be There (If You Ever Want Me)» i lag med låtskrivaren Rusty Gabbard. Songen vart spelt inn 28. desember 1953 i «Castle Recording Studio» på Tulane Hotel i Nashville. Same dagen spelte dei inn «Release Me» (som vart B-sida til singelen) og «The Last Letter». Innspelinga vart produsert av Don Law.[2] Singelen kom ut i januar 1954 på Columbia Records og «I'll Be There (If You Ever Want Me)» nådde andreplassen på Billboard Magazine Most Played C&W in Juke Boxes-lista. I tillegg nådde B-sida («Release Me») topp 10 på same lista. Opphavleg vart ikkje songen gjeven ut på eit album.[3]
«I'll Be There (If You Ever Want Me)» var ein del av ein serie songar spelte inn tidleg i karrieren til Ray Price.[4] Han syner ein musikalsk person bygd på ideologien og musikken til venen og mentoren Hank Williams. Price spelte ofte songen med bandet til Williams, Drifting Cowboys, på konsertar.[5]
Salslister[endre | endre wikiteksten]
Liste (1954) | Plassering |
---|---|
US Most Played in C&W in Juke Boxes (Billboard)[3] | 2 |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «I'll Be There (If You Ever Want Me)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Praguefrank's Country Music Discographies: Ray Price, Part II». Praguefrank's Country Discographies. Henta 16. september 2018.
- ↑ 2,0 2,1 «Praguefrank's Country Music Discographies: Ray Price, Part I». Praguefrank's Country Discographies. Henta 16. september 2018.
- ↑ 3,0 3,1 Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research.
- ↑ Larkin, Collin. «Ray Price Biography». Oldies.com. Henta 16. september 2018.
- ↑ Price, Ray. «Ray Price -- Biography». Allmusic. Henta 16. september 2018.
- Songar frå 1954
- Singlar frå 1954
- Singlar frå 1980
- Ray Price-songar
- Songar produserte av Gail Davies
- Columbia Records-singlar
- Warner Bros. Records-singlar
- George Jones-songar
- Connie Smith-songar
- Ernest Tubb-songar
- Johnny Cash-songar
- J.J. Cale-songar
- Ronnie Milsap-songar
- Tammy Wynette-songar
- Willie Nelson-songar
- Leon Russell-songar
- Nick Lowe-songar
- Don Williams-songar
- Martina McBride-songar
- Gail Davies-songar
- Elvis Presley-songar
- John Fogerty-songar
- Eric Clapton-songar