I'll Cry Instead

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I'll Cry Instead
Singel av The Beatles
frå albumet A Hard Day's Night
B-side

«I'm Happy Just to Dance with You»

Språk engelsk
Utgjeve 20. juli 1964
Innspelt 1. juni 1964,
EMI Studios, London
Sjanger Rock and roll,[1] country[2]
Lengd 2:09
Selskap Capitol (US)
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
Amerikanske The Beatles-singlar-kronologi 
«And I Love Her»
(1964)
I'll Cry Instead «Slow Down»
(1964)


«I'll Cry Instead» er ein song skriven av John Lennon og godskriven Lennon–McCartney. Han vart spelt inn av The Beatles for filmmusikkalbumet til filmen A Hard Day's Night.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lennon skreiv songen for «utbrytar»-sekvensen i filmen.[2] Songen vart spelt inn 1. juni 1964 i to delar, A og B,[3] som så kunne setjast saman seinare for å få den rette lengda dei trong for filmen. Men regissøren Richard Lester valde seinare den meir livlege «Can't Buy Me Love».[4]Walter Shenson gav ut filmen på ny i 1981, nytta han «I'll Cry Instead» i opninga som ei hyllest til Lennon.[5]

Struktur[endre | endre wikiteksten]

«I'll Cry Instead» vart av Cynthia Lennon skildra som eit rop om hjelp, og sa «Han syner frustrasjonen som John Lennon kjende på den tida. Han var eit idol for millionar av folk, men fridomen og moroa frå dei tidlege dagane var borte.»[6] John Lennon sa seinare at linja «A chip on my shoulder that's bigger than my feet» var ei nøyaktig skildring av korleis han kjende det på den tida.[7]

«I'll Cry Instead» er ein countrysong,[2] ein sjanger The Beatles, og særskild Ringo Starr, likte å spele.[8]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell per Ian MacDonald[2]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Den fulle versjonen (2:09) kom ut på filmusikkalbumet A Hard Day's Night. Denne same versjonen kom òg ut på singel i USA og monoversjonen kom ut på Capitol-albumet Something New. Denne versjonen kom òg ut på The Capitol Albums, Volume 1.

Ei kortare utgåve (1:49, utan det tredje verset) kom ut i Storbritannia på Parlophone si utgåve av A Hard Day's Night, ein britisk EP kalla Extracts from the Album A Hard Day's Night og på Capitol si stereoutgåve av Something New.

«I'll Cry Instead» nådde 25. plassen på Billboard Hot 100, og låg sju veker inne på lista.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964) Plassering
US Billboard Hot 100[12] 25
US Cash Box Top 100[13] 22

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. I'll Cry InsteadAllmusic
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 MacDonald 2005, s. 117.
  3. Lewisohn 1988, s. 44.
  4. Harry 1994, s. 321.
  5. Harry 1994, s. 322.
  6. Lennon 2006, s. 198.
  7. Dowlding 1989, s. 175.
  8. The Beatles 2000, s. 160.
  9. «I'll Cry Instead. Beatles Music History.». 
  10. «Alan W. Pollack's notes on «I'll Cry Instead».». 
  11. Songfacts 2008.
  12. "Beatles?f=379&g=Singles The Beatles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Beatles. Prometheus Global Media. Henta 11. mars 2018.
  13. Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 32–34.