I'll Never Smile Again

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I'll Never Smile Again
Singel av Tommy Dorsey
Utgjeve 1940
Innspelt 23. mai 1940
Sjanger Jazz
Lengd 3:12
Låtskrivar(ar) Ruth Lowe

«I'll Never Smile Again» er ein song frå 1940 skriven av Ruth Lowe.[1]

Den mest suksessrike og mest kjende versjonen av songen vart spelt inn av Tommy Dorsey and His Orchestra, med vokal av Frank Sinatra og The Pied Pipers. Denne innspelinga kom ut på Victor 78, 26628A, i 1940 og gjekk til topp på den første nasjonale salslista til Billboard den 27. juli 1940 og låg påt oppen i 12 veker fram til 12. oktober 1940.[2] Songen vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1982.[3] «I'll Never Smile Again» vart spelt inn med vokal av Frank Sinatra and the Pied Pipers.[4] Glenn Miller and His Orchestra spelte òg inn ein versjon av songen i 1940 på RCA Bluebird.

The Platters tok songen attende til Topp 40 i 1961. Al Hirt gav ut ein versjon i 1962 på hans Trumpet and Strings[5] og det same gjorde Bill EvansInterplay[6] I 1965 spelte Sinatra songen inn på ny for dobbeltalbumet A Man and His Music. Han hadde òg med songen i 1959 på albumet No One Cares. Han har sidan blitt spelt av mange andre artistar og blitt ein popstandard. Den italiensk-amerikansk artisten Sergio Franchi spelte songen i 1967 på RCA Victor, From Sergio - With Love.[7] Songen vart spelt av den australske rockegruppa Daddy Cool og versjonen deira nådde Topp 20 i heimlandet i 1972.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. According to Peter Levinson in the Tommy Dorsey biography, Livin In A Great Big Way
  2. Hoffmann, Frank (May 23, 2016). Chronology of American Popular Music, 1900-2000. London; New York: Routledge. s. 92. ISBN 978-0-415-97715-9. Henta 15. februar 2018. 
  3. «GRAMMY Hall Of Fame». Grammy.org. The Recording Academy. Henta 15. februar 2018. 
  4. See the liner notes to the compact disc The Best of Tommy Dorsey by Mort Goode, 1991. Bluebird/RCA 51087-2.
  5. Al Hirt, Trumpet and Strings Henta 15. februar 2018.
  6. Bill Evans, Interplay. Henta 15. februar 2018.
  7. http://www.discogs.com Mal:Webarchive Sergio Franchi