I'm Deranged

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I'm Deranged
Song av David Bowie
frå albumet Outside
Utgjeve 25. september 1995
Sjanger Industriell rock
Lengd 4:29
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie, Brian Eno
Produsent David Bowie, Brian Eno, Dave Richards

«I'm Deranged» er ein song skriven av David Bowie og Brian Eno i 1995 for albumet Outside. Musikalsk og tekstmessig deler songen mange tema med «Look Back in Anger» frå Lodger (1979), inkludert ein engel som syner seg for artisten. Dei to songane vart ofte spelt saman under Outside-turneen i 1995.

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • To ulike forkorta versjonar vart nytta i filmen Lost Highway i 1997. Songen vart spelt under både introen og rulleteksten av songen og finst på filmmusikkalbumet. På versjonen under rulleteksten startar songen med acapella vokal, før akkompagnementet vert tona gradvis inn.
  • Ein «Jungle remix» kom ut på singelen «Dead Man Walking» i mars 1997.
  • Denne jungle-miksen vart ofte spelt på konsertane under dance-settet på Earthling-turneen. Ein av desse versjonane kom ut på konsertalbumet LiveAndWell.com.
  • Den musikalske introen vart nytta som kjenningsmelodi til den svenske serien Beck.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]