I'm Happy Just to Dance with You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I'm Happy Just to Dance with You
Singel av The Beatles
frå albumet A Hard Day's Night
A-side

«I'll Cry Instead»

Språk engelsk
Utgjeve 26. juni 1964[1]
Innspelt 1. mars 1964
Abbey Road Studios, London
Sjanger Rock
Lengd 1:58
Selskap Capitol (US)
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi 
«And I Love Her»
(1964)
I'm Happy Just to Dance with You «Matchbox»
(1964)


«I'm Happy Just to Dance with You» er ein song skriven av John Lennon og Paul McCartney[2] og spelt inn av The Beatles for filmmusikken til A Hard Day's Night. George Harrison syng solovokal og i filmen er framføringa den første gongen ein kan sjå Harrison syngje ein av Beatles-songane.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven spesifikt for at George Harrison skulle syngje han, sidan han mangla sjølvtillit til å skrive eigne songar. Fleire år seinare skildra McCartney songen som ein «formelbasert song»,[2] og Lennon sa «eg ville aldri ha sunge songen sjølv.»[3]

Songen har ein hektisk Bo Diddley-aktig rytmegitar over Harrison sin rolege vokal, og dei nyttar ei uventa akkord sentralt i refrenget, ein forstørra H7 på «I'm happy just to dance with you». Songen er òg spesiell fordi han ikkje byrjar med eit vers eller refreng, men med dei siste fire taktane av mellomspelet.[4]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

The Beatles spelte inn «I'm Happy Just to Dance with You» på ein sundag, den første gongen dei hadde nytta Abbey Road Studios på noko anna enn ein normal vekedag.[3] United Artists gav ut songen på albumet A Hard Day's Night den 26. juni. Han vart òg med på albumet Something New, som kom ut på Capitol Records den 20. juli.[1] Songen nådde 95. plassen på Billboard Top 100-lista den 1. august 1964.[5][6]

Gruppa spelte ein versjon av songen på BBC-radioprogrammet From Us to You. Innspelinga fann stad den 17. juli 1964 i BBC Paris Studio i London, og vart først sendt 3. august det året.[7]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell per Ian MacDonald[8]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

The Cyrkle gav ut ein versjon av songen i 1967 på albumet deira, Neon.[9] Anne Murray spelte ein versjon av «I'm Happy Just to Dance with You» i 1980 på albumet hennar Somebody's Waiting. Denne versjonen vart òg gjeven ut på singel i midten av 1980-åra, og nådde 64. plassen på Billboard Hot 100 og 23. plassen på Billboard country-lista. Randy Bachman og Burton Cummings inkluderte ein versjon av songen i 2007 på albumet deira Jukebox. The Smithereens spelte inn ein versjo i 2008 på albumet deira, B-Sides The Beatles.[10]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964) Plassering
US Billboard Hot 100[5][6] 95

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 ««I'm Happy Just to Dance With You»». Beatlesebooks.com. Henta 10. mars 2018. 
  2. 2,0 2,1 Miles 1997, s. 163.
  3. 3,0 3,1 Harry 2000, s. 546.
  4. Hal Leonard 1993, s. 492.
  5. 5,0 5,1 «The Hot 100 - 1. august 1964». Billboard. Henta 10. mars 2018. 
  6. 6,0 6,1 «The Beatles - Chart History». Billboard. 1. august 1964. Henta 10. mars 2018. 
  7. The Beatles Bible 2008.
  8. MacDonald 2005, s. 112.
  9. The Cyrkle, Neon Retrieved 10. januar 2016
  10. Deming, Mark. I'm Happy Just to Dance with YouAllmusic. Henta 27. desember 2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]