I'm Moving On av Hank Snow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I'm Moving On
Country av Hank Snow
B-side

«With This Ring, I Thee Wed»

Språk engelsk
Utgjeve Mai 1950
Innspelt 28. mars 1950, Brown Radio Productions i Nashville
Sjanger Country
Selskap RCA Victor
Komponist Hank Snow
Tekstforfattar Hank Snow
Låtskrivar(ar) Clarence E. Snow (Hank Snow)
Produsent Stephen Sholes
Hank Snow-kronologi 
«The Drunkard's Son»
(1950)
I'm Moving On «I Cried But By Tears Were Too Late»
(1950)


«I'm Moving On» er ein countrysong frå 1950, skriven av Hank Snow. Songen er ein 12-taktsblues og nådde toppen av Billboard country singles-lista og låg der i 21 veker og tangerte rekorden til då.[1] Det var den første singelen av sju på toppen av Billboard country-lista til Snow i karrieren hans.[1]

Songen har fire taktar med vers, etterfølgt av åtte taktar med refreng, der dei siste linjene refererer attende til verset:

That big eight-wheeler rollin' down the track
Means your true-lovin' daddy ain't comin' back
I'm movin' on, I'll soon be gone
You were flyin' too high for my little old sky so I'm movin' on

«I'm Moving On» er ein av tre songar i historia til Billboard country-lista som har lege på toppen i 21 veker. Dei andre var «I'll Hold You in My Heart (Till I Can Hold You in My Arms)» av Eddy Arnold i 1947 og «In the Jailhouse Now» av Webb Pierce i 1953. Han låg 44 veker inne på topp 10 på Billboard-lista.[1] Fram til august 2013 hadde desse tre songane rekorden for lengst tid på toppen av countrylista, før han vart slått av «Cruise» av Florida Georgia Line, som låg 22 veker på toppen av lista fram til 10. august 2013.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Medan Hank Snow-versjonen enno låg på listene, gav hillbilly-komikarane Lonzo and Oscar ut ein parodi:

I let a man work on my car
Till he grabbed aholt of the sparkplug wire
He's movin' on, he'll soon be gone
He turned it loose when he felt the juice, he's moving on

Ray Charles[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn av Ray Charles i 1959, og versjonen hans nådde 40. plass på pop-lista og 11. plassen på R&B-lista i USA. Charles-versjonen med soulbandet hans inneheldt congatrommer og maracas, og gav songen ein spanskaktig tone. Han vart òg spelt inn under den siste innspelinga hans for Atlantic månader før han signerte med ABC.

Songen var produsert av Jerry Wexler og Charles song solovokal, med the Raelettes på korvokal. The Ray Charles Orchestra spelte instrumenta.

Andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Al Hirt gav ut ein versjon i 1963 på albumet Honey in the Horn.[2]

Ein konsertversjon finst på December's Children (And Everybody's) av Rolling Stones.

Songen vart spelt av Elvis Presley i 1969.

Emmylou Harris spelte ein livleg konsertversjon av «I'm Moving On» som nådde femteplassen på Billboard Hot Country Singles-lista og toppen av RPM Country Tracks-lista i Canada våren 1983.

Songen vart spelt inn av Chuck Prophet i 2007 for ein Jack Daniel's NASCAR-reklame.

Det finst ein versjon av Warren Smith, som ein del av ein medley av Hank Snow-songar.

Han vart òg spelt av det irske rockebandet Taste.

Big House spelte songen i 2000 på albumet Woodstock Nation.

Waylon Jennings og Johnny Cash spelte songen og vart gjeve ut posthumt i 2014 på albumet Out Among the Stars.

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Johnny Nash (1963), Jimmy Smith (1963), Timi Yuro (1963), Dave Dudley (1964), The Rolling Stones (1965), The Everly Brothers (1967), Roy Acuff (1967), The Box Tops (1968), Led Zeppelin (1970), Gene Vincent (1971), John Kay (1972), Tina Turner (1974), Mickey Gilley (1975), Loggins & Messina (1975), Professor Longhair (1978), Charlie Feathers (1979), Willie Nelson (1985; ein duett med Hank Snow), Bob Dylan (1986), Steppenwolf (1987), George Thorogood (1988), Ashley MacIsaac (2002), Johnny Cash (2003), Rosanne Cash (2009), Terri Clark (2012; ein duett med Dean Brody) og Tim Armstrong (2012).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Joel Whitburn, Joel Whitburn's Top Country Songs 1944 to 2005, Record Research, 2005
  2. Al Hirt, Honey in the Horn Retrieved April 9, 2013.