I'm a Man av Bo Diddley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
I'm a Man
Singel av Bo Diddley
A-side «Bo Diddley»
Utgjeve April 1955[1]
Innspelt Chicago, 2. mars 1955[2]
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 2:59
Selskap Checker (no. 814)
Låtskrivar(ar) Ellas McDaniel (Bo Diddley)
Produsent Leonard Chess, Phil Chess, Bo Diddley

«I'm a Man» er ein song skrive og spelt inn av Bo Diddley i mars 1955 på Checker Records som B-side til hitsingelen «Bo Diddley». Songen er kredittert til Ellas McDaniel, som var Bo Diddley sitt verkelege namn. Songen er basert på Muddy Waters sin bluessong «She Moves Me» frå 1951 og Muddy Waters spelte i mai 1955 ein coverversjon av «I'm a Man» igjen kalla «Mannish Boy».

Bo Diddley song[endre | endre wikiteksten]

«I'm a Man» vart gjeven ut som B-sida til «Bo Diddley», den første singelen hans i april 1955.[3] Begge sidene av singelen vart hittar og gjekk til topps på Billboard R&B-lista. «I'm a Man» var inspirert av Muddy Waters sin «Hoochie Coochie Man» frå 1954, skriven av Willie Dixon.[4] Etter utgåva til Diddley, spelte Waters inn ein «svarsong» til «I'm a Man» i mai 1955, kalla «Mannish Boy»,[4] eit ordspel som synte til at Bo Diddley var ung då han spelte inn songen sin.

Med seg på innspelinga hadde Diddley (vokal og gitar) Billy Boy Arnold (munnspel), Otis Spann (piano), Jerome Green (maracas), Willie Dixon (kontrabass), og anten Frank Kirkland eller Clifton James (trommer).[2] I eit intervju med magasinet Rolling Stone sa Bo Diddley at det tok lang tid å spele inn songen fordi det var vanskeleg å treffe timinga nøyaktig med refrenget «M ... A ... N».[5] Songen kom ut på fleire av samlealbuma hans, som Bo Diddley (1958) og His Best (1997). Han spelte òg inn songen i lag med Muddy Waters og Little Walter i 1967 for Super Blues.

The Yardbirds-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I'm a Man
Singel av The Yardbirds
frå albumet Having a Rave Up
B-side «Still I'm Sad»
Utgjeve 6. oktober 1965 (U.S.)
Innspelt Chess Records Studios, Chicago
19. september 1965

Columbia Records Studios i New York
21–22. september 1965

Sjanger Bluesrock
Lengd 2:37
Selskap Epic (no. 5-9857)
Låtskrivar(ar) Ellas McDaniel a.k.a. Bo Diddley
Produsent Giorgio Gomelsky

Det engelske rockebandet The Yardbirds spelte inn eit konsertopptak av «I'm a Man» for det første britiske albumet deira, Five Live Yardbirds med Eric Clapton i 1964 (seinare gjeven ut i USA som Having a Rave Up). I 1965, under den første amerikanske turneen deira, spelte The Yardbirds, med Jeff Beck inn ein studioversjon av «I'm a Man». Innspelinga fann stad i Chess Studios i Chicago, med ytterlegare lydspor i Columbia Studios i New York. Han vart gjeven ut på singel og seinare på albumet Having a Rave Up i 1965. The Yardbirds-versjonen (med «Still I'm Sad» som B-sida, vart gjeven ut av Epic Records i USA) og nådde 17. plassen på Billboard Hot 100 i 1965.[6] Songen kom ut seinare i Storbritannia i 1976. Diddley omtalte versjonen deira som «vakker»[7] og det er blitt kalla «ein avgjerande augneblink for bandet».[6]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange andre artistar har spelt inn «I'm a Man» gjennom åra. The Royal Guardsmen (frå albumet Return of the Red Baron i 1967) spelte inn songen, og det same gjorde The Litter (i 1967 på singel og albumet Distortions). The Who spelte inn songen for debutalbumet My Generation, men han kom ikkje med på den amerikanske utgåva av albumet. Eit konsertopptak av «I'm a Man» var B-sida til Dr. Feelgood-singelen «Back in the Night» i 1975 og kom med på konsertalbumet Stupidity i 1976. Grønsjbandet Dickless avslutta konsertane sine med denne songen[8] og det var den første singelen deira på Sub Pop Records i 1990.[9] Doug Sahm framførte songen i filmen More American Graffiti i 1979. Tom Petty & the Heartbreakers framførte Yardbirds sitt arrangement av songen på turneane sine i 2006 og 2012, og ein versjon frå 2006 kom ut på konsertalbumet The Live Anthology.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Bo Diddley sin originalversjon av «I'm a Man» er rangert på 369. plassen på Rolling Stone si liste over dei 500 beste songane gjennom tidene. I 2012 vart songen og A-sida «Bo Diddley» lagt til Library of Congress si National Recording Registry-liste for viktige amerikanske innspelingar.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Billboard (April 9, 1955). «Reviews of New R&B Records». Billboard (Nielsen Business Media, Inc) 67 (15): 46. ISSN 0006-2510. 
  2. 2,0 2,1 Schnieders, Bob (1986). Bo Diddley / Go Bo Diddley (Album notes). Bo Diddley. Chess/MCA. s. 1. CHD-5904. 
  3. Gilliland, John (1969). «Show 3 - The Tribal Drum: The rise of rhythm and blues. [Part 1]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. http://digital.library.unt.edu/ark:/67531/metadc19748/m1/. 
  4. 4,0 4,1 Herzhaft, Gerard (1992). «I'm a Man». Encyclopedia of the Blues. University of Arkansas Press. p. 454. ISBN 1-55728-252-8. 
  5. Loder, Kurt (February 12, 1987). «Bo Diddley: The Rolling Stone Interview». Rolling Stone (Jann S. Wenner). Arkivert frå the original June 6, 2008. Henta 10. juli 2017. 
  6. 6,0 6,1 Koda, Cub; Russo, Gregg (2001). Ultimate! (CD booklet). The Yardbirds. Rhino Records. s. 2, 33, 45. R2 79825. 
  7. «Show 29 - The British Are Coming! The British Are Coming!: The U.S.A. is invaded by a wave of long-haired English rockers. [Part 3] : UNT Digital Library». Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 1969. http://digital.library.unt.edu/ark:/67531/metadc19784/m1/. Henta 2011-02-20. 
  8. Phil West (January 19, 1996). «Music Reviews: Teen Angels Daddy (SubPop)». Austin Chronicle Corp.. Arkivert frå originalen den May 23, 2013. http://www.webcitation.org/6GplGG2MK?url=http://www.austinchronicle.com/music/1996-01-19/530478/. Henta May 14, 2013. 
  9. «Dickless I'm A Man». Petite Discographies. http://www.pettediscographies.com/subpop/sp59.asp. 
  10. «The National Recording Registry 2011». National Recording Preservation Board of the Library of Congress. Library of Congress. May 24, 2012. http://www.loc.gov/rr/record/nrpb/registry/nrpb-2011reg.html. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


379:
 «The Wind Cries Mary» 
Jimi Hendrix
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
378


Bo Diddley – «I'm a Man»

377:
 «Personal Jesus» 
Depeche Mode

Mal:The Yardbirds