I'm the Leader of the Gang (I Am)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I'm the Leader of the Gang (I Am)
Singel av Gary Glitter
Utgjeve 1973
Sjanger Glamrock
Lengd 3:29
Selskap Bell Records
Komponist Gary Glitter, Mike Leander
Låtskrivar(ar) Gary Glitter og Mike Leander
Produsent Mike Leander
Gary Glitter-kronologi 
«Hello, Hello, I'm Back Again»
(1973)
I'm the Leader of the Gang (I Am) «I Love You Love Me Love»
(1973)


«I'm the Leader of the Gang (I Am)» var ein stor hit i Storbritannia for glamrockartisten Gary Glitter. Songen gjekk heilt til topps i Storbritannia i 1973, og på grunn av populariteten til songen fekk Glitter kallenamnet «The Leader Of The Gang», ofte forkorta til «The Leader». Songen vart skriven av Gary Glitter og Mike Leander, og var produsert av Leander. I Noreg nådde singelen sjetteplassen.

Songen er ein glamrock-hymne og typisk for songane til Glitter tidleg i 1970-åra med ein enkel, middels rask tempo (den såkalla «Glitter Stomp») og høge rop («Hey!», «Come on, come on!»).

Songen vart ein konsertfavoritt og publikum brukte å rope Come On, Come On-refrenget før Glitter kom på scenen. Sjølv om Glitter sin versjon av songen ikkje gjorde det bra i USA, nådde ein versjon av Brownsville Station 48. plass på Billboard Hot 100 året etter.

I 1993 spelte humormetalbandet Green Jellÿ inn «I'm the Leader of the Gang (I Am)» i lag med Hulk Hogan. Denne versjonen nådde Topp 40 i Storbritannia. Andre artistar som har spelt inn songen er The Methadones, Peter and the Test Tube Babies, Girlschool og Spice Girls.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]