I’m Waiting for the Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I'm Waiting for the Man
Song av The Velvet Underground
frå albumet The Velvet Underground & Nico
Utgjeve mars 1967
Innspelt mai 1966 i T.T.G. Studios i Hollywood
Sjanger Garasjerock,[1] proto-punk[2]
Lengd 4:39
Selskap Verve Records
Låtskrivar(ar) Lou Reed
Produsent Andy Warhol

«I'm Waiting for the Man» er ein song av det amerikanske rockebandet the Velvet Underground, skriven av Lou Reed. Han vart først gjeven ut på debutplata deira The Velvet Underground & Nico i 1967.

Songen handlar om å kjøpe heroin for 26 dollar i ei bustadblokk i Harlem nær krysset mellom Lexington Avenue og 125th Street i New York City, sungen frå synspunktet til kjøparen som tilsynelatande kjem til Harlem frå ein annan stad i byen. «Mannen» i tittelen er ein dophandlar. I lag med tradisjonelle gitarar, bass og trommer, har songen eit pumpande rock and roll- og Boogie-woogie-aktig piano. Det ein av dei meir populære songane til bandet og ein av mange songar dei spelte som handla om narkotika. Etter Lou Reed slutta i bandet i 1970, spelte han ofte songen på konsertane sine.

Han vart gjeven ut som singel i oktober 1971 (med «There She Goes Again» som B-sida) tilskriven Andy Warhol's Velvet Underground på MGM Records.[3]

I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 159. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[4][5] I 2010 vart plasseringa på same lista 161. plassen.

Alternative versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ludlow Street Loft, juli 1965[endre | endre wikiteksten]

Ei rekkje leilegheiter i Lower East Side.

Songen var ein av dei tidlege songane som vart spelt inn av Lou Reed, John Cale og Sterling Morrison i leilegheita deira i Ludlow Street. Denne versjonen av songen, utan perkusjon, har eit mykje større vise- og bluespreg enn albumversjonen. Denne versjonen vart først gjeven ut i plateboksen Peel Slowly and See.

Scepter Studios, april 1966[endre | endre wikiteksten]

Før den engelege albumeversjonen av songen vart spelt inn i mai 1966, i T.T.G. Studios i Hollywood, vart eit anna opptak gjort i april 1966 i Scepter StudiosManhattan. Dette opptaket er noko kortare, pianoet er meir i bakgrunnen og i staden for trommer vert det nytt tamburin. Reed syng òg «I'm waiting for the man» i byrjinga av songen, medan han på albumversjonen syng «I'm waiting for my man».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Nico og Velvet Underground-medlemmane Lou Reed, John Cale og Maureen Tucker har alle spelt inn sine soloversjonar av songen.

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre:

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Velvet Underground & Nico - The Velvet Underground». Allmusic. Henta 13. januar 2016. 
  2. «The Velvet Underground, 'I'm Waiting for the Man' - 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. Henta 13. januar 2016. 
  3. «I'm Waiting for the Man / There She Goes Again by Andy Warhol's Velvet Underground (Single, Garage Rock): Reviews, Ratings, Credits, Song list - Rate Your Music». Rateyourmusic.com. 11 October 2012. Henta 13. januar 2016. 
  4. The RS 500 Greatest Songs of All Time at Rolling Stone (101-200)
  5. I'm Waiting for the ManRolling Stone
  6. Video of the Riot Squad versionYouTube
  7. Video of the Beck versionYouTube
  8. «Listen to a clip from the Eater version on Amazon». Amazon.com. Henta 13. januar 2016. 
  9. «The Riffs discography». Musicbrainz.org. Henta 13. januar 2016. 
  10. «Full Albums: The Velvet Underground & Nico » Cover Me». Covermesongs.com. Henta 13. januar 2016. 
  11. «One for the Money - Sheep on Drugs - Songs, Reviews, Credits, Awards». Allmusic. Henta 13. januar 2016. 
  12. «Do it Dog Style Amazon track listing». Amazon.com. Henta 13. januar 2016. 
  13. «UK Subs discography». Newredarchives.com. Henta 13. januar 2016. 
  14. «Amazon track listing for Press The Eject And Give Me The Tape». Amazon.co.uk. Henta 13. januar 2016. 
  15. «After 23 years, Pearl Jam finally comes to Baltimore». Baltimoresun.com. 28 October 2013. Henta 13. januar 2016. 
  16. «Priory of Brion Songs». Users.globalnet.co.uk. Henta 13. januar 2016. 
  17. «TRB discography». Tomrobinson.com. Henta 13. januar 2016. 
  18. «Richard Hawley - I'm Waiting For The Man». Vimeo.com. Henta 13. januar 2016.