I've Got You Under My Skin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
I've Got You Under My Skin
Song av Frank Sinatra
frå albumet Songs for Swingin' Lovers
Utgjeve 1956
Sjanger Vokal jazz, tradisjonell pop
Lengd 3:40
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Cole Porter
Produsent Voyle Gilmore
I've Got You Under My Skin
Singel av The Four Seasons
frå albumet 2nd Vault of Gold Hits
B-side Huggin' My Pillow (frå albumet Rag Doll)
Utgjeve August 1966
Sjanger Vokal jazz, barokkpop
Lengd 3:41
Selskap Philips
Låtskrivar(ar) Cole Porter
Produsent Bob Crewe
The Four Seasons-kronologi
«On the Good Ship Lollipop»
(as The Wonder Who?)
(1966)
I've Got You Under My Skin «Tell It to the Rain»
(1966)
I've Got You Under My Skin
singel av Neneh Cherry
Utgjeve 1990
Sjanger Hip-hop
Lengd 3:46
Selskap Circa
Låtskrivar(ar) Cole Porter
Produsent
Neneh Cherry-kronologi
«Inna City Mamma»
(1989)
I've Got You Under My Skin «Money Love»
(1992)

«I've Got You Under My Skin» er ein song skriven av Cole Porter. Han vart skriven i 1936 og introdusert i musikalen til Eleanor Powell for MGM, Born to Dance der han vart framført av Virginia Bruce. Han vart nominert til Oscarprisen for beste song det året. Han vart ein signaturlåt for Frank Sinatra og i 1966 nådde The Four Seasons Topp 10 i USA med songen. Han har vorte spelt inn av mange pop- og jazzartistar gjennom åra.

Frank Sinatra-versjonane[endre | endre wikiteksten]

Frank Sinatra song først songen på det vekentlege radioshowet sitt i 1946, som andre delen av ein medlem med «Easy to Love». Han sette definitivt preget sitt på melodien ti år seinare med ein svingande storbandversjon som bygde seg opp til fleire klimaks med eit arrangement av Nelson Riddle. Riddle var tilhengjar av Maurice Ravel og har fortalt at dette arrangementet var inspirert av Boléro.[1] Sinatra-fans trekk vanlegvis denne versjonen fram som det finaste samarbeidet hans med orkesteret til Riddle. Ein iherdig saksofonseksjonset kursen, som endar i eit klimaks med ein støytvis, glidande trombonesolo av Milt Bernhart. Sinatra likte særs godt dette arrangementet og tok med songen på konsertane sine sidan.[2]

Sinatra spelte inn «I've Got You Under My Skin» for albumet Sinatra's Sinatra (1963), eit album med nyinnspelingar av hans eigne favorittar. Denne gongen var trombonesoloen spelt av Dick Nash fordi Bernhart var oppteken.

Eit konsertopptak av songen finst på albumet Sinatra at the Sands frå 1966 med Count Basie and his orchestra.

I 1993 spelte Sinatra inn ein versjon som ein duett med Bono frå U2 for albumet Duets. Han vart òg gjeven ut som ei dobbel A-side i lag med U2 sin «Stay (Faraway, So Close!)», og ein musikkvideo regissert av Kevin Godley.

Neneh Cherry-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Neneh Cherry laga ei hip-hop-tolking av songen som den første singelen frå Red Hot + Blue-albumet, og denne nådde 25. plassen på den britiske singellista. Musikkvideoen var regissert av Jean-Baptiste Mondino.

Neneh Cherry erstatta det meste av teksten med ein rap om AIDS-offer og korleis samfunnet reagerer på dei. Av den originale Cole Porter-teksten hadde ho berre att dei første fire linjene og «Use your mentality, wake up to reality».

Andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]

I popkulturen[endre | endre wikiteksten]

I 1952 produserte Stan Freberg ein parodi av songen.

I 1993 vart songen nytta i The Flintstones-filmen I Yabba-Dabba Do!

Actionfilmen Gamer frå 2009 inneheld Sammy Davis Jr.-versjonen av songen i eit musikalsk nummer der Ken Castle, (spelt av Michael C. Hall), mimar til songen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Levinson, Peter J. "September in the Rain: The Life of Nelson Riddle", via Google Books, s. 129.
  2. Obituary: Milt Bernhart, trombonist who got under Sinatra's skin, The Guardian, London, 4 February 2004

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]