I-Feel-Like-I'm-Fixin'-to-Die Rag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The 'Fish' Cheer/I-Feel-Like-I'm-Fixin'-to-Die Rag
Song av Country Joe and the Fish
frå albumet I-Feel-Like-I'm-Fixin'-to-Die
Utgjeve November 1967
Innspelt Juli 1967 til september 1967
Lengd 3:44
Selskap Vanguard
Komponist Country Joe McDonald
Tekstforfattar Country Joe McDonald
Låtskrivar(ar) Country Joe McDonald
Produsent Samuel Charters

«I-Feel-Like-I'm-Fixin'-to-Die Rag» er ein song av det amerikanske, psykedeliske rockebandet Country Joe and the Fish, skriven av Country Joe McDonald, og først gjeven ut som opningssporet på ein EP kalla Rag Baby Talking Issue No. 1, i oktober 1965. Den mørke humoren og satiren i «I-Feel-Like-I'm-Fixin'-to-Die Rag» gjorde han lett gjenkjenneleg som protestsong i motstanden mot Vietnamkrigen.

Songen vart vanlegvis framført etter «The Fish Cheer», som var eit tilrop som stava «F-I-S-H». Ein alternativ versjon av dette tilropet vart framført på konsertane deira, kjend som «The Fuck Cheer», som førte til at Country Joe and the Fish vart bannlyst frå TV i 1968 på grunn av vulgariteten. Men det vart applaudert av konsertgangarane.

«I-Feel-Like-I'm-Fixin'-to-Die Rag» vart gjeven ut på ny på det andre albumet deira, I Feel Like I'm Fixin' to Die i november 1967. Songen vart ein favoritt innan hippiekulturen og vart framført av McDonald på Woodstockfestivalen i 1969. Tiår seinare vart McDonald saksøkt for å ha brote opphavsretten til Kid Ory-melodien «Muskrat Ramble». McDonald nekta for dette og søksmålet vart sidan avvist fordi det var gått for lang tid mellom songen kom og søksmålet.

Songen er mest kjend for refrenget sitt:

And it's one, two, three, what are we fighting for?

Don't ask me I don't give a damn
Next stop is Vietnam.
And it's five, six, seven, open up the pearly gates,
Well there ain't no time to wonder why,
Whoopie! We're all gonna die!

Albumversjonen endar med lyden av maskingevær og til slutt ein stor eksplosjon.[1]

Pete Seeger spelte inn songen i 1970 og hadde planar om å gje han ut på singel, men distributørane skal ha nekta å ta i han, og singelen var derfor aldri offisielt gjeven ut i følgje Seeger.[2]

Songen vart ofte spelt i Hỏa Lò-fengselet («Hanoi Hilton») i Nord-Vietnam for amerikanske krigsfangar av nordvietnamesarane. Fangane sa seinare at det faktisk auka moralen deira, sidan dei song med på songen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «I Feel Like I'm Fixin' to Die (CD booklet)». Ace Vanguard Masters. 2013. 
  2. «Country Joe McDonald, the «Suppressed» Seeger recording». countryjoe.com. 
  3. «Patriots»: the Vietnam War Remembered from All Sides", Christian G. Appy, p. 198