I.M av Michael Ben David

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«I.M»
Song av Michael Ben David

Land Israel
Språk Engelsk
Utgjeve 30. januar 2022
Sjanger Dansepop, elektropop
Lengd 03:00
Selskap Universal Music Israel
Komponist Chen Aharoni
Låtskrivar(ar) Chen Aharoni, Lidor Saadia, Asi Tal

«I.M» (som i engelske I am, norsk 'eg er') er ein israelsk popsong frå 2022 med den israelske songaren Michael Ben David. Songen var det israelske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Michael Ben David deltok i den femte sesongen av talentshowet X Factor Israel, som starta 30. oktober 2021 på tv-kanalen Reshet 13.[1] Allereie i april 2021 kunngjorde det israelske kringkastingsselskapet (Kan) at det israelske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 skulle avgjerast gjennom dette talentshowet.[2]

Den 3. februar 2022 gjekk eit eige Eurovision-program av X Factor Israel, kalla Hashir Shelanu L'EurovizionKan 11. Her framførte dei tre gjenverande deltakarane to songar kvar. Songane var sende inn til kringkastaren Kan som deretter hadde plukka ut ei handfull av dei til den israelske finalen.[3][4] Vinnaren vart deretter kåra i finalen 5. februar, og der vann Michael Ben David med «I.M».[5][6] Songen var skriven, arrangert og produsert av eit team sett saman av Asi Tal, Chen Aharoni og Lidor Saadia.[7]

Gjennom sigeren vart «I.M» det israelske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino. Han deltok i den andre semifinalen torsdag 12. mai, der han vart nummer 13 av 18.[8] Sidan songen ikkje var blant dei ti beste i semifinalen, kvalifiserte han seg ikkje til finalen 14. mai.

Strid etter den israelske finalen[endre | endre wikiteksten]

Etter sigeren i den israelske finalen, rapporterte israelsk media at låtskrivarane var misnøgde med kontrakten med kringkastaren Kan. Blant anna kravde Kan at låtskrivarane sjølve betalte reisa og opphaldet til Italia, og at dei måtte sitje blant publikum i staden for i green room.[9] Låtskrivarane truga med å bryte kontrakten med kringkastaren. Også Ben David var misnøgd med vilkåra. Blant anna fekk han ikkje ein personleg manager, slik andre israelske Eurovision-artister før han hadde fått. Kan ville heller ikkje finansiere ei omarbeiding og nyinnspeling av songen.[9]

Til slutt fekk låtskrivarteamet laga ein ny og omarbeida versjon av songen, som vart offentleggjord 14. mars. Ifølgje låtskrivarane gjorde dei berre endringar i ljodbiletet og produksjonen, ikkje i tekst eller melodi.[10]

Streik truga Eurovision-deltaking[endre | endre wikiteksten]

Nokre veker før Eurovision kunngjorde kringkastaren Kan at dei ikkje ville sende Ben David til Torino.[11] Årsaka var ein streik i den israelske tryggingstenesta. Dette gjorde at tenesta ikkje kunne sende med eit sikkerheitsteam til å følgje den israelske delegasjonen.[12] På grunn av midtausten-konflikten er det ein generell høg terrortrugsel mot offisielle israelske representantar i utlandet, og under Sommar-OL i 1972 vart den israelske delegasjonen angripen av terroristar. Dette gjer at den israelske tryggingstenesta alltid følgjer med offisielle israelske representantar i utlandet, blant anna for å rekognosere og verne delegasjonen undervegs.

Til slutt fekk Kan inngått ein avtale med det private israelske tryggingsselskapet Shin Bet og eit privat italiensk sikkerheitsteam. Dimed kunne Ben David og resten av delegasjonen reise til Torino som planlagd.[13]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2022) Høgaste
plassering
Flagget til Israel Israel (Media Forest)[14] 13

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sanjay Jiandani (25. oktober 2021). «Israel: X Factor Israel kicks off on 30 October». Eurovision News, Polls and Information by ESCToday (på engelsk). Henta 17. februar 2022. 
  2. Ran Boker (17. februar 2022). «Israel's X Factor to pick next Eurovision entry, with help from Simon Cowell». Ynetnews. Henta 6. april 2021. 
  3. «אירוויזיון 2022: גמר אקס פקטור יתקיים ב- 5 בפברואר - אירוויזיון 2022» (på hebraisk). 20. januar 2022. Henta 18. februar 2022. 
  4. Sanjay Jiandani (3. februar 2022). «Tonight: HaShir Shelanu L’Eurovizion song selection in Israel». ESCToday (på engelsk). Henta 18. februar 2022. 
  5. Joey Sigona (3. februar 2022). «Israel: Finalist songs have been selected». ESCplus (på engelsk). Arkivert frå originalen 18. februar 2022. Henta 18. februar 2022. 
  6. Hannah Brown (3. februar 2022). «Eurovision 2022: Michael Ben David to represent Israel» (på engelsk). Henta 18. februar 2022. 
  7. «Medvirkende på låten». listen.tidal.com (på engelsk). Tidal. Henta 10. mars 2022. 
  8. «Michael Ben David - Israel - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022. 
  9. 9,0 9,1 «Israel: Michael Ben David's Eurovision 2022 participation remains in doubt over disagreements with KAN». wiwibloggs (på engelsk). 22. februar 2022. Henta 10. mars 2022. 
  10. «🇮🇱 Israel: Revamp of "I.M" to Be Revealed on March 14». Eurovoix (på engelsk). 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022. 
  11. «Eurovision: Israel's Michael Ben David will not perform live in Turin». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 19. juni 2022. 
  12. Eran Swissa (13. april 2022). «Security crisis might keep Israel out of Eurovision». www.israelhayom.com. Henta 19. juni 2022. 
  13. Stern, Itay (28. april 2022). «Israel Heading to Eurovision Despite Security Snag». Haaretz (på engelsk). Henta 19. juni 2022. 
  14. «Media Forest Week 7, 2022"». Media Forest. [daud lenkje]