Hopp til innhald

ICA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Ica (fleirtyding).
ICA

Org.formAksjeselskap
BransjeDaglegvarehandel
Skipa2003
Nedlagd2015
Forgjengar(ar)Hakon Gruppen
Etterfylgjar(ar)Norsk Butikkdrift AS
HovudkontorOslo
LandNoreg
Nettstadhttps://web.archive.org/web/20150315000836/http://www.ica.no/ (norsk)

ICA Norge AS var eit norsk detaljhandelsselskap som dreiv med sal av daglegvarer. Det blei kjøpt opp av Coop Norge i 2014.

I oktober 2014 hadde ICA Norge 553 butikkar som blei drivne anten i eigen regi, i form av franchise eller som assosierte butikkar.[1][2] I 2010 omsette ICA Norge for 17,817 milliardar kroner med eit resultat på minus 497 millionar.[3] ICA Norge var 100 % eigd av ICA AB (Inköpscentralernas aktiebolag) og hadde 5 345 tilsette (ekskl. franchise).[4] ICA Norge hadde ein marknadsdel i den norske daglegvaremarknaden på 14,8 prosent.[4] Administrerande direktør var Thorbjørn Theie.

I oktober 2014 blei ICA Norge seld til Coop Norge. Det trong godkjenning frå Konkurransetilsynet,[1] noko som blei gjeve i mars 2015.[5] Selskapet blei drive vidare som eit dotterselskap av Coop Norge under namnet Norsk Butikkdrift.[6]

Selskapet opererte med fire ulike butikkonsept: ICA Nær, ICA Supermarked, ICA Maxi og Rimi.

  • Rimi: Lågprisbutikkar med daglegvarer.
  • ICA Nær: Mindre matbutikkar.
  • ICA Supermarked: Større matbutikkar med eit utval ferskvarer.
  • ICA Maxi: Daglegvarebutikkar som i tillegg til matvarer tilbyr bøker, klede, kjøkkenreiskapar, sportsartiklar og hageartiklar.
  1. 1 2 «Coop kjøper ICA Norge». www.ba.no. 6. oktober 2014. Henta 20. februar 2016.
  2. «Delårsrapport ICA AB» (PDF). ICA AB. 17. august 2011. Henta 29. oktober 2011.[daud lenkje]
  3. «ICA Norge». ICA Norge. Arkivert frå originalen 17. oktober 2014. Henta 29. oktober 2011.
  4. 1 2 «ICA AB Årsberättelse 2010» (PDF). ICA AB. 7. mars 2011. Arkivert frå originalen (PDF) 27. september 2011. Henta 29. oktober 2011.
  5. «Coop får lov til å kjøpe Ica». Aftenposten. Henta 20. februar 2016.
  6. «Kunngjøringer - Brønnøysundregistrene». w2.brreg.no. Henta 11. desember 2015.