IC 2545

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av IC 2545. Galaksekjernane til dei to tidlegare galaksane kan enno sjåast i sentralregionen av kollisjonssystemet. Den høgre tidevassarmen inneheld ei rekkja blå stjernehopar.

IC 2545 eller AM 1003-333 er eit par av kolliderande galaksar som ligg rundt 450 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Luftpumpa. Systemet har to tydelege tidevassarmar av gass og stjerner slengde ut frå sentralregionen. Den eine tidevassarmen inneheld fleire blåe stjernehopar. IC 2545 gløder sterkt i det infraraude, noko som i tillegg til tidevassarmane er eit teikn på at det er snakk om to kolliderande galaksar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]