IFA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

IFA er ein pastill som Nidar AS lagar og distribuerer. Produktet vart introdusert i 1930.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Den første IFA-pastillen var introdusert av ASOLA, AS O. Larsen, og fanst då berre i smaken søt lakris i ei svart eske. Smaken med salt lakris i ei kvit eske kom seinare, og overtok til slutt for den opphavlege varianten IFA. Produksjonen av IFA vart overteke av Kiellands dropsfabrikk i 1968. I 1975 vart produksjonen flytta over til Nidar då Kielland vart kjøpt opp.

IFA-pastillen er døypt etter den norskfødde songaren Ivar Fridtjof Andresen. Han har tilrådd pastillen, og ein kan lesa eit sitat frå han på baksida av den originale pastilleska:

«Blandt dens fornemste egenskaper er først og fremst den, at den forebygger tørrhet i hals og svelg. Jeg kan paa det varmeste anbefale denne pastill til sangere, talere, røkere og sportsmenn.» Ivar F. Andresen, Dresden N. 5-11-30.

Framstilling[endre | endre wikiteksten]

Pastillane blir laga med råvarer som blir blanda og kokte. Massen blir så støypt ut i mjøl. Pastilane blir tørka før dei blir skilte frå støypemjølet med børsting og blåsing, og til slutt glansa og pakka i esker.

IFA-variantar[endre | endre wikiteksten]

I dag finn ein IFA i fire variantar; den opphavlege pastilleska, og tre posar med større og mjukare pastillar i ymse farger og smakar.

  • IFA Original Salt lakris
  • IFA-pose: Søt lakris
  • IFA-pose: Jordbær lakris
  • IFA-pose: Appelsin lakris

Kjelder[endre | endre wikiteksten]