IF Fram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fram sitt klubbmerke

Idrettsforeningen Fram er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Torstrand i Larvik, stifta 15. januar 1894. Laget er aktivt i idrettane fotball, friidrett, handball og skeiseløp.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Fotballaget Fram vann kvalifiserte seg til NM-finale i 1912, og tapte 0-6 mot osloklubben Mercantile. Både i 1919 og 1931 nådde laget semfinale, der det vart eittmålstap for høvesvis Odds Ballklubb og Mjøndalen IF. I 1949 rykte laget opp frå Landsdelsserien og var ikkje snauare enn at det i sesongen 1949/50 vann avdeling A i Hovedserien. Dermed var det klart for seriefinale 1950 mot Fredrikstad FK. Etter som den fyrste kampen enda 1-1 måtte dei to laga møtest ii Larvik, der heimelaget skåra det einaste målet i kampen og vart seriemeister. Allereie året etter rykte klubben ned i Landsdelsserien, og etter eit mellomspel i Hovedserien 1954/55, har Fram alltid spelt på nivå to eller lågare i norsk seriefotball. I 2015 spelar laget på nivå tre.

Sidan 1970-åra er nok Fram best kjend for sine skeiseløparar. Namn som Bjørn Tveter, Øyvind Tveter, Tom Erik Oxholm, Bjørg Eva Jensen, Roger Strøm og Minna Nystedt har sett sitt stempel nasjonale og tildels internasjonale tevlingar. Fremst står Jensen med si olympiske gullmedalje på 3000 meter i Lake Placid i 1980.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]