Idrettslaget Skjalg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå IL Skjalg)

Idrettslaget Skjalg er eit idrettslag heimehøyrande i Stavanger, stifta i 1935. Laget er eit særlag i friidrett.

Bjørn Paulson var Skjalg-medlem då han representerte Noreg under Sommar-OL 1948, der han vann sølvmedaljen i høgdehopp. Sidan Bjørn Nilsen var den beste sprintraren i landet i andre halvdel av 1950-åra, har Skjalg-utøvarar jamt og samt markert seg i nasjonal friidrett. NM-medaljørar i 1970-åra var høgehopparen Kirsten Levik, lengdehopparen Wenche, hekkeløparane Gro Næsheim og Geir Hamre, hinderløparen Helge Knutsen og i 1980 høgdehopparen Jan Hegland. Ingrid Kristiansen var medlem i Skjalg 1981-84 og vann fleire NM-titlar som Skjalg-utøvar. Morten Warland vart noregsmeister på 800 meter i 1982, Christin Sørum like eins på 3000 meter i 1986 og Maiken Sørumn på 1500 m i 1989. Andre medaljvinnarar i noregsmeisterskap i tiåra før 2000 er sprintarane Trond Haugvaldstad og Per Ivar Sivle, mellomdistanseløparen Bjøren L. Eltervåg og langdistanseløparen Jarl Gaute Aase.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]