IO-71

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

IO-71 (Prosjekt 4202) er eit supersonisk glidefly (HGV), russisk giperzvukovyj letateljnyj apparat (kortform «Glaider», forkorta GLA), og eit av dei russiske svara på utviklinga mellom russiske ICBM og rakettskjoldet. Eksperimenta vert gjorde i løynd, men noko informasjon vart gitt ut, og her heiter det seg at farta på HGV kan komme opp i 11000 kilometer i timen og kan manøvrera i mønster som er umogeleg å regne ut for mottiltak som til dømes det såkalla rakettskjoldet. [1][2][3][4]

Nokre av dei løynde eksperimenta vart starta i 2009 og går føre seg i Dombarovskij, i 13. strategiske missildivisjon. Der vert fleire HGV av typen IO-71 sett inn i ein bererakett av typen SS-19 som vert skoten opp frå silo i retning Kura-feltetKamsjatka. Det vert òg hevda at denne divisjonen skal ha dette våpenet før 2025. Andre eksperiment vert gjorde på rakettprøvefeltet Bajkonur i Kasakhstan. Her vert òg missilet SS-19 nytta og skote i retning Kura-feltetKamtsjatka. [5]  

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Пышнов В. С. Полёт с большими докосмическими скоростями. ВВИА им. проф. Н. Е. Жуковского, 1959. — 59 с.
  2. Нестеренко Г. Н. Космическая авиация. М.: ВИ, 1969. — 60 с.
  3. Шкадов Л. М. и др. Механика оптимального пространственного движения летательных аппаратов в атмосфере. — М.: «Машиностроение», 1972. — 244 с.
  4. https://warways.ru/aviatsiya/boevye-samolety/yu-71.html
  5. http://militaryarms.ru/voennaya-texnika/aviaciya/yu-71/