SN sitt klimapanel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå IPCC)
SN sitt klimapanel

Skipa1988
HovudkontorGenève
LeiarHoesung Lee
Fokusglobal oppvarming
Nettstadhttps://www.ipcc.ch/ Sjå dette på Wikidata

SN sitt klimapanel (IPCC: Intergovernmental Panel on Climate Change, norsk 'Det mellomstatlege panelet for klimaendringar') er ei breitt samansett gruppe med klimaforskarar som jobbar under eit SN-mandat. Gruppa si arbeidsoppgåve er å kartleggje naturvitskapleg, teknisk og samfunnsøkonomisk informasjon som er relevant for å forstå årsakene til og potensielle effektar av klimaendringar, og korleis ein kan avgrense desse effektane. Panelet blir leidd av indaren Rajendra Pachauri.

SN sitt klimapanel vart etablert i 1988. Det la fram sin første rapport i 1990, med ei klar åtvaring om følgjene av menneskeskapt global oppvarming. IPCC sin andre rapport kom i 1995. I tredje rapport frå 2001 er konklusjonen at temperaturen kan stige med mellom 1,4 og 5,8 °C innan 2100. IPCC sin fjerde rapport kom i februar 2007.

I 2007 vart IPCC saman med Al Gore tildelt Nobels fredspris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: SN sitt klimapanel