2016-telefonen iPhone SE

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå IPhone SE)
2016-telefonen iPhone SE

iPhone SE i fargen «Silver»
ProdusentApple
OperativsystemiOS
Minne2 GB LPDDR4 RAM
Lagring16, 32, 64 eller 128 GB
Batteri3,82 V 6,21 W·h
(1624 mA·h) Li-ion
StorleikHøgd: 123,8 mm
Breidd: 58,6 mm
Djupn: 7,6 mm
Vekt113 g

iPhone SE (Special Edition) er ein smarttelefon i iPhone-serien som var designa og marknadsført av Apple. Han vart først vist fram 21. mars 2016 og vart gjeven ut 31. mars 2016. Han er ein oppfølgjar til iPhone 5S, med eit liknande design og like stor 4-tommers skjerm.

Han har den same Apple A9-prosessoren og 12 MP-kameraet som iPhone 6S-modellen. Han støttar ikkje 3D Touch. Difor vart denne funksjonen eksklusiv for 6S-en inntil iPhone 7 kom ut.

Telefonen vart godt motteken av kritikarar, som roste han for det kjende designet og storleiken, betre maskinvare samanlikna med 5S-en, og dessutan betre yting og batteritid.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter at iPhone 6 og 6 Plus vart gjevne ut med større 4.7" og 5.5" skjermar, klaga fleire kundar på at dei føretrekte ein mindre 4" skjerm, og at når desse smarttelefonane kom ut, hadde ein ikkje høve til å oppgradera utan å få ein større telefon. Apple sa under kunngjeringa si av smarttelefonen at iPhone-en med 4" skjerm var den nest mest populære av alle smarttelefonane sine og at dei hadde selt 30 millionar slike telefonar i 2015. Nokon føretrekte òg designet til 5S-en framfor 6S-en.[1]

«SE» skal ifølgje Phil Schiller stå for «Special Edition» (eller «spesialutgåve» på norsk).

Han vart først gjeven ut med høve for 16 eller 64 GB lagringsminne, og vart deretter gjeven ut på nytt 24. mars 2017 med høve for 32 eller 128 GB lagringsminne.

Design[endre | endre wikiteksten]

Den eksterne designen til iPhone SE er tilnærma identisk med iPhone 5 og 5S, medan den interne maskinvara bruker den same Apple A9 system-on-chip, som først var introdusert i iPhone 6S.[1] Telefonen var seld i utgåver med dei same fargane som iPhone 6S: svart, sølv, gull, og rosegull.

iPhone SE har støtte for Apple Pay via nærfeltskommunikasjon, den virtuelle assistenten Siri, og Live Photos.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «With the iPhone SE, Apple Returns to a Masterpiece of Design | WIRED». www.wired.com. Henta 5. juli 2017.