I Can't Stop Loving You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I Can't Stop Loving You
Singel av Ray Charles
frå albumet Modern Sounds in Country and Western Music
B-side «Born to Lose»
Utgjeve 1962
Innspelt 15. februar 1962
United Recording Studios
(Hollywood i California)
Sjanger R&B, country soul, tradisjonell pop
Lengd 2:37 (singel)

4:12 (album)

Selskap ABC-Paramount
45-10330
Låtskrivar(ar) Don Gibson[1]
Produsent Sid Feller[1]
Ray Charles-kronologi
«Hit the Road Jack»
(1961)
I Can't Stop Loving You «Born to Lose»
(1962)


I Can't Stop Loving You
Singel av Van Morrison
frå albumet Hymns to the Silence
B-side «All Saints Day»
Utgjeve 1991
Innspelt 1991
Sjanger Keltisk, folkrock
Lengd 3:54
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Don Gibson
Produsent Van Morrison
Van Morrison-kronologi
«Enlightenment»
(1991)
I Can't Stop Loving You «Why Must I Always Explain?»
(1991)


«I Can't Stop Loving You» er ein countrysong skriven av countrysongaren, låtskrivaren og musikaren Don Gibson, som først spelte inn songen den 30. desember 1957, for RCA Victor Records. Han vart gjeven ut i 1958 som B-sida til «Oh, Lonesome Me», og begge sidene av singelen vart ein hit på country-lista.

Songen vart framført av Ray Charles i 1962 for albumet Modern Sounds in Country and Western Music, og gjeven ut som singel. Charles-versjonen nådde førsteplassen på Billboard Hot 100 i 1962 og låg på topp i fem veker. Denne versjonen gjekk òg til topps på R&B- og Adult Contemporary-lista.[2][3] Billboard rangerte han på andreplassen for songar frå 1962.[4] Charles nådde òg toppen av UK Singles Chart i juli 1962, og låg der i to veker.[5]

Ray Charles-versjonen er kjend for orda han seier før dei siste fem linjene av songen på det siste refrenget: «Sing the Song, Children». Han vart rangert på 164. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene, og 49. plassen på lista til CMT over dei 100 beste countrylåtane gjennom tidene.

I can't stop loving you
I've made up my mind
To live in memory of the lonesome times

Don Gibson (1957)

Lister[endre | endre wikiteksten]

Don Gibson-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Liste (1958) Plassering
Noreg 2
U.S. Billboard Hot Country Singles 7
U.S. Billboard Hot 100 81

Kitty Wells version[endre | endre wikiteksten]

Liste (1958) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 3

Ray Charles-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Liste (1962) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 1
U.S. Billboard R&B Singles 1
U.S. Billboard Adult Contemporary 1
UK Singles Chart[1] 1
Australia 1
Noreg 4

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Tom Jones spelte songen for Tom Jones on Stage EP, gjeve ut i august 1965. Ein annan versjon vart spelt inn i 1967 for albumet Live at the Talk of the Town. Ein annan song med særs lik tittel, «Can't Stop Loving You», skriven av Tony Waddington og Wayne Bickerton, vart gjeve ut som singel i 1970, og denne nådde tredjeplassen på Adult Contemporary-lista i USA, og femteplassen i Canada på tilsvarande liste der.
  • Jerry Lee Lewis spelte inn ein bluesversjon av songen i 1969. Då han spelte han på ny i 1979 var det som ein countryballade.
  • Connie Francis spelte inn songen på albumet Country Music Connie Style i 1962.
  • Count Basie sin instrumentale versjon frå 1963 nådde Billboard Top 100.
  • Jim Reeves spelte songen i 1965 for albumet The Jim Reeves Way.
  • I 1972 spelte Conway Twitty sin versjon, og denne nådde åttandeplassen på countrylista.[6]
  • Chucho Avellanet spelte ein spanskspråkleg versjon av songen kalla «Jamas Te Olvidare».
  • Solomon Burke song songen på konsertane sine og eit opptak av dette finst på The Last Great Concert.
  • Belton Richard spelte songen på Louisiana-fransk og engelsk i 2003 på albumet The Older the Wine, the Finer the Taste!

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 66. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 113. 
  3. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 52. 
  4. Billboard Year-End Hot 100 singles of 1962
  5. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 139. ISBN 1-904994-10-5. 
  6. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 361. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]