I Can Dream, Can't I?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«I Can Dream, Can't I?»
Låtskrivar Sammy Fain
Tekst av Irving Kahal
Publisert 1938
Språk engelsk
Innspelt av Tommy Dorsey, The Andrews Sisters, Cleo Laine, Toni Arden, Cass Elliot, The Carpenters

«I Can Dream, Can't I?» er ein tradisjonell popsong skriven av Sammy Fain med tekst av Irving Kahal. Songen vart publisert i 1938 for den mislukka musikalen Right This Way. Tommy Dorsey gav ut ei hitinnspeling av songen same året, men det var i etterkrigstida songen vart mest populær.

Den mest kjende versjonen vart spelt inn av The Andrews Sisters og Gordon Jenkins' orchestra den 15. juli 1949, og gjeven ut på Decca Records. Han nådde først Billboard-lista den 16. september 1949, og nådde førsteplassen på alle dei tre poplistene på den tida (bestseljar i butikk, mest spelt på radio og mest spelt på jukeboksar).[1] Ein annan versjon vart spelt inn av Toni Arden med orkesteret til Hugo Winterhalter den 16. september 1949, og gjeve ut av Columbia Records. Denne versjonen nådde toppen av Cashbox-lista.

Ein versjon vart spelt inn av Alan Dean med orkesteret til Carroll Gibbons den 9. desember 1949 og gjeven ut på UK Columbia Records i Storbritannia. Ein versjon av Tune Twisters med Art Wranzer & his orchestra vart spelt inn mai 1950 for Artransa Records i Australia.

Skyliners spelte inn ein doo wop-versjon i 1958 med den kvinnelege vokalisten Janet Vogel.

Joni James spelte inn ein versjon i 1959 for albumet 100 Strings and Joni. Cass Elliot spelte inn songen i 1969 for albumet Bubblegum, Lemonade, and... Something for Mama. Songen vart spelt inn av The Carpenters i 1975 for albumet Horizon. Ein meir moderne versjon vart spelt inn i 2000 av Susannah McCorkle for Hearts and Minds. Annie Lennox spelte inn songen i 2014 for albumet Nostalgia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Record Research.