I Can Help

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Can Help
Singel av Billy Swan
frå albumet I Can Help
B-side

«Ways of a Woman in Love»[1]

Utgjeve Juli 1974[2]
Innspelt 1974
Sjanger Pop, country, countrypop
Lengd 2:58 (singel)

4:01 (album)

Selskap Monument
Låtskrivar(ar) Billy Swan
Produsent Chip Young og Billy Swan
Billy Swan-kronologi 
I Can Help «I'm Her Fool»
(1975)


«I Can Help» er ein song skriven[3] og framført av Billy Swan. Han kom ut i juli 1974,[2] og vart ein stor hit. Singelen nådde toppen av både Billboard Hot 100 og Hot Country Singles-lista seint den hausten. Sjølv om Swan hadde andre singlar på både Hot 100 og country-lista, vart songen rekna som ein one-hit wonder for Swan.[4] Swan heldt fram som låtskrivar for andre artistar og arbeidde som studiomusikar.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Billy Swan sikra seg ein platekontrakt med Monument Records då han kom til Nashville i august 1973. Swan byrja å skrive «I Can Help» i eit musikkrom som kona, Marlu, hadde omgjort frå eit skap.[2] Swan har fortalt at han berre brukte «rockerytmen» på trommemaskinen sin då han skreiv songen;[2] «Han spelte 16-delsnotar, så eg berre byrja å spele desse akkordane over og songen vart til på 20 minuttar. Eg skreiv ikkje alltid så raskt, men erfaringa mi er at dei som kjem raskt er dei beste. 'Lover Please' var slik og det same var 'Everything's the Same'. Med 'I Can Help' skreiv eg faktisk dei tre versa først, og sidan eg trengde noko mellom andre og tredje vers, kom eg på mellomspelet. Heile greia kom berre ut av lause lufta, inkludert teksten.»[2]

«I Can Help» vart skriven i mars 1974, og det var på denne tida Billy Swan spelte inn songen med produsenten og lydteknikaren Chip Young ved Young'un Sound studio i Murfreesboro i Tennessee. Orgelet på songen vart spelt av Swan på ein berbar Farfisa som tilhøyre studiomusikaren Bobby Emmons.[2] Med på innspelinga var òg Mike Leech på bass og Reggie Young på gitar. Dennis Linde og Johnny Christopher spelte akustisk gitar og Hayword Bishop på trommer.[2] Klaverspelaren Bobby Wood vart òg henta inn for innspelinga, men då han høyrde songen og forstod at det ikkje var trong for han, sette han seg i kontrollrommet med Emmons og Young. Emmons og Young føreslo klappinga mot slutten av songen, som om dei var på ein fest, i tillegg til å leggje til korvokal på mellomspelet, som vart sunge av Lea Jane Berinati og Holliday Sister.[2] Swan hugsar «Chip var så nøgd etter at han hadde spelt inn gitarsoloen, men eg gjekk inn der, lytta til det og var usikker. Eg lytta til det om att og om att før eg sa 'Greit, ingenting anna vil fungere'. Det var faktisk ein veldig bra solo. I dag er det nettopp den soloen mange folk hugsar ved songen.»[2]

Albumversjonen vert avslutta av ein falsk slutt med klapping og ein lengre kadens på orgel, før instrumentalen byrjar opp att, etterfølgd av ein ny kadens og så nok ein repetisjon før songen tonar ut.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Swan-versjonen av «I Can Help» kom ut i slutten av juli 1974. For å utnytte den kommersielle suksessen til songen, fekk produsentane Swan attende i studio for å spele inn nok songar til eit album. Dette omfatta coverversjonar av «Don't Be Cruel», «Shake, Rattle & Roll» og Swan sin eigen «Lover Please», som toppa countrylista i 1975.[2]

Lister[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til at songen gjekk til topps på country- og poplista, nådde «I Can Help» sjetteplassen på Billboard si Hot Adult Contemporary Singles-lista og sjetteplassen på den britiske Record Retailer-lista. I tillegg vart songen ein hit i det meste av Europa og gjekk til topps i Australia. «I Can Help» vart ein så stor suksess i Noreg at han låg 37 veker inne på topp 10 på VG-lista, den fjerde største hitten i norsk musikkhistorie.[5]

«I Can Help» selde til gull for ein million selde eksemplar i USA.

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Lister (1974–75) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 1
U.S. Billboard Hot 100 1
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 6
Canada RPM Country Tracks 1
Canada RPM Top Singles 2
Canada RPM Adult Contemporary Tracks 4
Euro Hit 50 1
VG-lista i Noreg 1
Austerriksk Topp 40 1
Den sveitsiske singellista 1
Belgisk VRT Top 30 1
Nederlandsk Top 40 1
Den tyske singellista 1
Australia KMR 1
Den newzealandske singellista 1
Den svenske singellista 1
Den danske singellista 1
Den franske singellista 1
Den sørafrikanske singellista 3
Den spanske singellista 4
UK Singles Chart 6
Irish Singles Chart 11
Den italienske singellista 42

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Lister (1974) Rank
Canada RPM Top Singles 16
Lister (1975) Rank
Austerriksk Topp 40 6
Belgisk VRT Top 30 4
Tyskland - Media Control 10
Nederland 16
Den sveitsiske singellista 5
U.S. Billboard Hot 100 43

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Elvis Presley spelte inn ein versjon av songen i 1975 på albumet Today.

Songen vart spelt inn av Ringo Starr i Chips Moman's Three Alarm Studios i Memphis i februar 1987, men innspelinga vart aldri gjeven ut.[6][7]

==Filmar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 412. ISBN 0-89820-177-2. 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 Buskin, Richard. Classic Tracks: Billy Swan 'I Can Help'. Sound on Sound. November 2007. Henta 25. juni 2017.
  3. «The Billboard Book of Number One Hits» by Fred Bronson, 4th ed.
  4. [1][daud lenkje]
  5. «BEST OF ALL TIME – SINGLES». VG-lista. Hung Medien. Henta 25. juni 2017. 
  6. «Reference Library - The Lost Ringo Album - Internet Beatles Album». Henta 220. oktober 2016. 
  7. «I Can Help - Ringo Starr». YouTube. Henta 220. oktober 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Føregangar
«Far Far Away»
Slade
Toppen av VG-lista
Billy Swan

10 veker, veke 7–veke 16, 1975
Etterfylgjar
«Ding-a-Dong»
Teach-In