I Couldn't Live Without Your Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Couldn't Live Without Your Love
Singel av Petula Clark
frå albumet
I Couldn't Live Without Your Love
B-side

«Your Way of Life»

Utgjeve 24. juni 1966
Innspelt June 1966
Sjanger pop
Lengd 2:54
Selskap Pye 7N 17133 (Storbritannia)
Warner Bros. 5835 (USA)
Vogue STU 42245 (DEN)
Vogue DVS 14552 (GER)
Låtskrivar(ar) Tony Hatch, Jackie Trent
Produsent Tony Hatch
Petula Clark-kronologi 
«A Sign of the Times»
(1966)
I Couldn't Live Without Your Love «Who Am I?»
(1966)


«I Couldn't Live Without Your Love» er ein song frå 1966 skriven av Tony Hatch og Jackie Trent og spelt inn av Petula Clark. Han var inspirert av kjærleiksforholdet låtskrivarane hadde på den tida. Clark har sagt at «I Couldn't Live Without Your Love» og «Don't Sleep in the Subway» var favoritthittane hennar.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn i Pye Studios i Marble Arch med gitaristen Big Jim Sullivan og vokalgruppa The Breakaways. Singelen nådde sjetteplassen på UK Singles Chart og niandeplassen på Billboard Hot 100-lista. «I Couldn't Live Without Your Love» var den første singelen til Clark som nådde toppen av den amerikanske Easy Listening-lista.[2]

Songen vart òg ein hit i Australia (#11), New Zealand (#18) og Rhodesia (#7). «I Couldn't Live Without Your Love» vart ein hit to gonger i Tyskland, først i den originale engelske versjonen (13. plassen) og så igjen på tysk, «So wunderbar verliebt zu sein», på 28. plassen.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«I Couldn't Live Without Your Love» har òg blitt spelt inn av Patti Brooks, John Davidson, Freda Payne og Mari Wilson.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
Australia 11
Den tyske singellista 13
Den tyske singellista
  • Tysk versjon («So wunderbar, verliebt zu sein»)
28
New Zealand Singles Chart 18
UK Singles Chart 6
US Billboard Hot 100 9
US Billboard Easy Listening 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Journal Métro de Montréal – Actualités». Lemagazineiledessoeurs.com. Arkivert frå originalen 7. april 2014. Henta 3. april 2018. 
  2. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 56. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Petula Clark