I Don't Want to Talk About It

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Don't Want to Talk About It
Song av Crazy Horse
frå albumet Crazy Horse
Utgjeve Februar 1971
Sjanger Countryrock
Lengd 5:18
Selskap Reprise
Komponist Danny Whitten
Tekstforfattar Danny Whitten
Låtskrivar(ar) Danny Whitten
Produsent Jack Nitzsche, Russ Titelman
I Don't Want to Talk About It
Singel av Rod Stewart
frå albumet Atlantic Crossing
B-side

«The First Cut Is the Deepest»
«The Best Days of My Life» (USA)

Språk engelsk
Utgjeve 1977 (Europa)
1979 (USA)
Innspelt 1975
Sjanger Rock
Lengd 4:13 (singel)
Selskap Riva
Komponist Danny Whitten
Tekstforfattar Danny Whitten
Låtskrivar(ar) Danny Whitten
Produsent Tom Dowd
Rod Stewart-kronologi 
«Get Back»
(1976)
I Don't Want to Talk About It «The First Cut Is the Deepest»
(1977)


«I Don't Want to Talk About It» er ein song skriven av Danny Whitten og først spelt inn av Crazy Horse for albumet Crazy Horse i 1971. Det var signaturlåten til Whitten, men vart meir kjend i ei rekkje coverversjonar, særleg av Rod Stewart.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1975 spelte Rod Stewart inn songen i Muscle Shoals Sound Studio i Sheffield i Alabama for albumet sitt Atlantic Crossing. Denne vart ein suksess då han kom ut på singel i USA nådde han 46. plassen på poplista og 44. plassen på adult contemporary-lista tidleg i 1980. I Storbritannia toppa han UK Singles Chart som ein del av den doble A-sida med «The First Cut Is the Deepest» i 1977.[1] Ein meiner at songen nytte godt av å bli gjeven ut på billigsal for å halde Sex Pistols sin «God Save The Queen» borte frå UK Singles Chart.[2][3][4]

I 1989 spelte Stewart inn ein ny versjon av «I Don't Want to Talk About It» for Storyteller – The Complete Anthology: 1964–1990. Han vart seinare gjeven ut på Downtown Train – Selections from the Storyteller Anthology og igjen på singel i 1990. Han vart mykje spelt på radio i USA som eit albumspor og nådde andreplassen på Billboard Adult Contemporary-lista. Stewart song òg songen som ein duett med Amy Belle på turneen sin i 2004[5] og denne finst på ein konsert-DVD frå denne turneen.

I juni 1988 gav Everything but the Girl ut ein versjon på singel og på albumet Idlewild. Denne vart òg ein suksess i Storbritannnia og nådde tredjeplassen på UK Singles Chart. Det var den første og einaste topp 10-hitten deira i Storbritannia fram til 1995.

[[Arthur Conley] song ein live-versjon av songen på nederlandsk fjernsyn i 1988.

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Blue, Rita Coolidge, Billie Jo Spears, Ian Matthews, A-Mei, Pegi Young, D'ZRT, Nils Lofgren, Dina Carroll, Joe McElderry, David Sneddon, Geoff Muldaur, Llama Farmers, Alex Parks, Indigo Girls og Andy Williams.

Medverkande på originalen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 339–40. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. Hall, James (27. mai 2017). «God Save the Queen at 40: how the Sex Pistols made the most controversial song in history». The Telegraph (på engelsk). ISSN 0307-1235. Henta 3. juni 2018. 
  3. «God Save the Queen: The Sex Pistols take on charity track». ITV News (på engelsk). 19. april 2012. Henta 3. juni 2018. 
  4. «Bragg attacks Pistols' royal views». BBC News (på engelsk). 27. mai 2002. Henta 3. juni 2018. 
  5. «Rod Stewart & Amy Belle- I Dont Want To Talk About It». Royal Albert Hall, London. 2004. Arkivert frå originalen 26. september 2011. Henta 8. april 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]