I Don’t Feel Hate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«I Don’t Feel Hate»
Song av Jendrik
Land Tyskland
Språk Engelsk, tysk
Utgjeve 25. februar 2021
Sjanger Pop
Lengd 02:56
Selskap Polydor, Universal
Komponist Jendrik Sigwart
Tekstforfattar Jendrik Sigwart
Låtskrivar(ar) Jendrik Sigwart, Christoph Oswald

«I Don't Feel Hate» ('eg følar ikkje hat') er ein tysk popsong frå 2021 som vert framført av den tyske youtubaren og tiktokaren Jendrik. Han vart offentleggjort 25. februar 2021 og er skriven av Jendrik sjølv, saman med Christoph Oswald. Dei tyske kringkastarane ARD og NDR valde låten som det tyske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[1] Der enda den på nest sisteplass med 3 poeng.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dei tyske kringskastarane ARD og NDR offentleggjorde i februar 2021 at dei internt hadde vald influensaren Jendrik Sigwart til å representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2021.[2][3] Nokre veker seinare vart det kjent at tittelen på låten var «I Don't Feel Hate». Han var skriven av Jendrik saman med Christoph Oswald. Oswald har òg produsert singelen. Songen er ein lystig poplåt med mykje bruk av ukulele.[4] Songen har engelsk tekst, men inneheld ein kort sekvens der Jendrik etterliknar ein radiovert og snakkar på tysk.

Songen hadde premiere 25. februar 2021 og vart sloppen for strøyming og digital nedlasting. Dagen etter framførte Jendrik songen live for fyrste gong i programmet NDR Talkshow[5].

«I Don't Feel Hate» var det tyske bidraget til Eurovision Song Contest 2021. Som eitt av dei «fem store landa» var Tyskland direktekvalifisert til finalen i Rotterdam Ahoy i Nederland laurdag 22. mai 2021.[6] Songen vart nummer 25 av 26 med 3 poeng – alle frå juryane. Frå sjåarane fekk låten 0 poeng.

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2021) Høgaste

plassering

Litauen (AGATA)[7] 79
Nederland (Single Tip)[8] 7
Storbritannia (UK Download)[9] 71
Sverige (Sverigetopplistan – Heatseaker)[10] 17

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Listen: Jendrik "I Don't Feel Hate" (Germany Eurovision 2021)» (på engelsk). 25. februar 2021. Henta 28. februar 2021. 
  2. «Jendrik Sigwart will sing for Germany in 2021» (på engelsk). 6. februar 2021. Henta 6. februar 2021. 
  3. «Germany: Jendrik Sigwart will sing at Eurovision 2021...with song release set for February 25» (på engelsk). 6. februar 2021. Henta 6. februar 2021. 
  4. «Jendrik - Making Of» (på engelsk). Henta 28. februar 2021. 
  5. NDR. «ESC-Kandidat Jendrik Sigwart» (på tysk). Henta 28. februar 2021. 
  6. «Jendrik - Germany - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 28. februar 2021. 
  7. «2021 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). Henta 20. juni 2021. 
  8. Hung, Steffen. «Jendrik - I Don't Feel Hate». Henta 5. september 2021. 
  9. «Official Singles Downloads Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 5. september 2021. 
  10. «Veckolista Heatseeker, vecka 21» (på svensk). Henta 5. september 2021.