I Dreamed I Saw St. Augustine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Dreamed I Saw St. Augustine
Song av Bob Dylan
frå albumet John Wesley Harding
Utgjeve 27. desember 1967
Innspelt 17. oktober 1967
Sjanger Folkrock
Lengd 3:53
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston

«I Dreamed I Saw St. Augustine» er ein song av Bob Dylan frå 1967 på albumet hans John Wesley Harding. Han vart spelt inn under den første John Wesley Harding-innspelinga den 17. oktober 1967.[1] Songen er blitt spelt av mange artistar, inkludert Joan Baez på albumet Any Day Now, i tillegg til Vic Chesnutt, Eric Clapton, John Doe, Thea Gilmore, Adam Selzer og Dirty Projectors.[2] I tillegg hadde Jimi Hendrix ein gong tenkt å spele songen, men følte at han var for personleg for Dylan og spelte i staden ein annan song frå albumet, «All Along the Watchtower».[3]

«I Dreamed I Saw St. Augustine» er ein tungsindig ballade.[4] Som på resten av John Wesley Harding har musikken eit enkelt arrangement.[4] Hovudinstrumenta er ein akustisk gitar og trommer.[4] Teksten skildrar ein draum som er gåtefull og gjev høve for tolking.[4] Teksten indikerer ei djup skuldkjensle, i tillegg til eit syn om tru, rettferd, frykt og forræderi.[4][5]

I ei undersøking blant andre musikarar i 2005 i Mojo, vart «I Dreamed I Saw St. Augustine» rangert på 76. plassen på lista over dei 100 beste Bob Dylan-songane.[6]

Dylan spelte songen på konsertar, i eit langsamt valsarrangement, på Isle of Wight-festivalen i 1969,[1] ein konsert som finst på The Bootleg Series Vol. 10: Another Self Portrait (1969–1971). Han spelte òg songen på Rolling Thunder Revue i 1970-åra og med Heartbreakers i 1980-åra, en har sjeldan spelt songen sidan den gongen..[1]

I 2016 gav Eric Clapton ut sin versjon av songen på albumet I Still Do.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Heylin, C. (2009). Revolution in the Air: The Songs of Bob Dylan 1957-1973. s. 362–364. ISBN 978-1-55652-843-9. 
  2. «I Dreamed I Saw St. Augustine covers». allmusic. Arkivert frå originalen 27. juni 2009. Henta 25. juni 2009. 
  3. Shapiro, H.; Glebbeek, C. (1995). Jimi Hendrix, Electric Gypsy. s. 320. ISBN 978-0-312-13062-6. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «I Dreamed I Saw St. Augustine». allmusic. Henta 9. november 2018. 
  5. Damsker, M. (1980). Rock Voices. s. 11–13. ISBN 0-312-68790-7. 
  6. «The 100 Greatest Bob Dylan Songs». Mojo. September 2005. Henta 9. november 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]