I Feel the Earth Move

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I Feel the Earth Move
Singel av Carole King
frå albumet Tapestry
A-side

It's Too Late

Utgjeve 16. april 1971
Sjanger Poprock
Lengd 3:00
Selskap Ode
Låtskrivar(ar) Carole King
Produsent Lou Adler
Carole King-kronologi
«He's a Bad Boy»
(1964)
I Feel the Earth Move «So Far Away» / «Smackwater Jack»
(1971)


«I Feel the Earth Move» er ein song skriven og spelt inn av den amerikanske songar-låtskrivaren Carole King for det andre studioalbumet hennar, Tapestry. Songen kom òg ut som ein dobbel A-side-singel i lag med «It's Too Late». Begge songane vart ein av dei størstte hittane i 1971.

Jon Landau si melding av Tapestry for Rolling Stone roste King si røyst på dette sporet, og sa at det svingar frå «rått» til «bluesaktig» til «hardt» til «beroligande», der sistnemnde går att i utviklinga i melodien inn i refrenget.[1] Landau skildra melodien i refrenget som «ei pen poplinje».[1] Førti år seinare uttalte Rolling Stone at King sin «varme, alvorlege song» førte «jordisk glede» til songen.[2] Musikkjournalisten Harvey Kubernik skreiv at «I Feel the Earth Move» var «truleg den mest seksuelt aggressive songen på Tapestry» og ei «modig» opning på eit album der stemninga for det meste er «mild vedkjennande».[3] AllMusic-kritikaren Stewart Mason skildra songen som «det ultimate innan hippie-kvinne-erotikk» og at det «høyrest ut som frigjering av ein heil generasjon av forsiktige collegejenter sine kollektive libidoar».[4] Cash Box skildra songen som ein «kraftig 'jordskjelvsong'» og vurderte samankoplinga med «It's Too Late» som singel for å vera «dobbel dynamitt»[5]

Forfatteren James Perone roste måten tekstane og musikken fungerer saman på.[6] Som eit godt døme noterer han seg den synkoperte rytmen til melodien som King syng «tumbling down» over.[6] Denne rytmen, som set aksent på slutten av ordet «tumbling» i staden for i byrjinga, produserer ein «musikalsk ekvivalent av ein 'tumbling' (snuble)». [6] Perone noterer òg at det raske tempoet lèt lyttaren føla begeistringa til songaren over å vera nær kjærasten sin, og at teksten òg uttrykker seksuell spenning sjølv om den spenninga er implisitt.[6] Perone tilskriv noko av suksessen til songen til produsenten Lou Adler si avgjerd om å framheva pianospelinga til King i miksen, noko som gjev songen ei anna kjensle enn den gitarbaserte singer-songwriter-tilnærminga King tok på det førre albumet sitt.[6] Mason tilskriv òg suksessen til songen til den «pianoleia rytmen» og den vokale leveringa til King.[4]

King sin versjon av «I Feel the Earth Move» gjekk til topps på Billboard Hot 100-lista datert 19. juni 1971. Han låg der i fem veker på rad.[7] Han nådde òg sjetteplassen i Storbritannia.

På grunn den positive karakteren, valde Ode Records «I Feel the Earth Move» som A-sida til den første singelen frå Tapestry. Han vart spelt på radio, men så byrja diskjockeyar og lyttarar å føretrekka den langsamare, klagande B-siden «It's Too Late». Begge sider vart spelte på radio ei stund, men til slutt dominerte «It's Too Late». På den samtidige Cash Box-lista, som framleis følgde framdrifta til begge sidene av ein singel separat, låg «It's Too Late» fire veker på toppen av lista, medan «I Feel the Earth Move» ikkje var på lista i det heile. Uansett, sidan Billboard hadde erklært plata som ei dobbel A-side og lista deira vart gradvis sett på av mange som den «offisielle» singellista, er det er generelt oppført i bøker og artiklar at både «I Feel the Earth Move» og «It's Too Late» nådde nummer 1.

Saman med «It's Too Late» vart «I Feel the Earth Move» kåra av RIAA til 213. plassen av 365 Songs of the Century.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Carole King – klaverinstrument, vokal
  • Danny Kootch – elektrisk gitar
  • Charles Larkey – elektrisk bass
  • Joel O'Brien – trommer

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Alle inngangar på lista i lag med «It's Too Late».

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Australia (Kent Music Report)[8] 6
UK Singles (Official Charts Company)[9] 6
US Billboard Hot 100[10] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
US Billboard Hot 100[11] 3

Martika-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I Feel the Earth Move
Singel av Martika
frå albumet Martika
B-side

Quiero Entregarte Mi Amor

Utgjeve August 1989
Lengd 4:12
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Carole King
Produsent Martika, Michael Jay
Martika-kronologi
«Toy Soldiers»
(1989)
I Feel the Earth Move «Water»
(1990)


Sommaren 1989 var «I Feel the Earth Move» den tredje singelen frå det sjølvoppkalla debutplata til Martika. «I Feel the Earth Move» nådde sjuandeplassen i Storbritannia og andreplassen i Australia. Singelen nådde òg nummer 25 på den amerikanske Billboard Hot 100, men fall raskt nedover lista etter at radiostasjonar trekte han frå spelelistene sine i kjølvatnet av jordskjelvet i San Francisco i 1989. Musikkvideoen vart filma under turnéen for dette albumet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Kassett- og 7-tommar singel

  • Side A – «I Feel the Earth Move»
  • Side B – «Quiero Entregarte Mi Amor» (spansk versjon av «More Than You Know»)

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989–1990) Plassering
Australia (ARIA)[12] 2
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[13] 4
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[14] 33
Canada Top Singles (RPM)[15] 47
Canada Dance/Urban (RPM) 5
Europa (Eurochart Hot 100)[16] 22
Finland (Suomen virallinen-lista)[17] 11
Irland (IRMA)[18] 7
New Zealand (RIANZ)[19] 3
Sveits (Schweizer Hitparade)[20] 22
UK Singles (Official Charts Company)[21] 7
US Billboard Hot 100[22] 25
US Hot Dance Club Songs (Billboard)[23] 20
Vest-Tyskland (Offisiell tysk singelliste)[24] 20

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989) Plassering
Australia (ARIA)[25] 67
UK Singles (OCC)[26] 71
Liste (1990) Plassering
Australia (ARIA)[27] 85

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[27] Platina 70 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 2013 vart songen spelt på konsertar og spelt inn av Shinedown i Henson Recording Studios for framføringa deira av Warner Musics serie «The Live Room».[28]

I 2015 vart songen nytta i ein mashup med Alanis Morissette-songen «Hand In My Pocket» på den amerikanske TV-serien Glee, «Jagged Little Tapestry», sungen av Naya Rivera og Heather Morris.

I 2018 inkluderte Glim Spanky ein versjon av songen på singelen deira «Orokamono-tachi».[29]

Carole King spelte kort songen sjølv medan ho spelte den tilbakevendande karakteren til Sophie Bloom på Gilmore Girls: A Year in the Life episode 3 («Summer»).[30]

Bruk i media[endre | endre wikiteksten]

Dei første 22 sekunda av Carole King-versjonen blir brukt til jordskjelvromsutstillinga på Oregon Museum of Science & Industry (OMSI) i Portland i Oregon.

Teksten til songen er refererte i Robert Wilson-operaen, Einstein on the Beach, under «Trial/Prison»-scena i Akt III.

Loretta Swit framfører ein versjon av songen i ein sesong 5-episoden av The Muppet Show i ei «helsing til San Andreas-forkastinga».

Phish har spelt delar av songen i fleire improvisasjonsjammar på scenen.[31]

Songen er framtredande i filmen Slow Dancing in the Big City, men er ikkje med på filmmusikkalbumet.

Songen høyrest i bakgrunnen på Bed Bath & Beyond i komediefilmen Click frå 2006 når Michael Newman (Adam Sandler) leitar etter ein universell fjernkontroll for fjernsyn og når han vaknar då han kjem tilbake til den yngre utgåva av seg sjølv.

Songen vart brukt i Japan for ein Toyota RAV4-reklame i 2001.

Korrefrenget og tittelen blir brukt i refrenget til Amon Amarth-songen «Tattered Banners and Bloody Flags» med tilhøyrande variasjon eller melodien. «The Earth moves under our feet the sky comes tumbling down (...) trembles to its knees». Heile refrenget er òg ei melodisk nytolkning av refrenget til originalen. Melodien er gjenbrukt i sporet deira «For Victory or Death».

Dei første 47 sekunda vart spelte under dokumentaren Batas Militar (1997).

Leah Andreone sin versjon av songen vart brukt i filmen Speed 2: Cruise Control frå 1997 .

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Landau, Jon (29. april 1971). «Carole King: Tapestry». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 18. april 2008. 
  2. «500 Greatest Albums of All Time: Tapestry». Rolling Stone. 31. mai 2009. Henta 15. mai 2022. 
  3. Kubernik, H. «Troubadours: Carole King / James Taylor & The Rise of the Singer-Songwriter: Carole King's Monumental Tapestry Album». pbs.org. Henta 15. mai 2022. 
  4. 4,0 4,1 Mason, S. «I Feel the Earth Move». AllMusic. Henta 15. mai 2022. 
  5. «CashBox Record Reviews» (PDF). Cash Box. 1. mai 1971. s. 24. Henta 10. desember 2021. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Perone, J.D. (2006). The Words and Music of Carole King. Greenwood Publishing. s. 33–34. ISBN 9780275990275. 
  7. «The Hot 100: 19. juni 1971». Billboard. Henta 23. februar 2013. 
  8. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  9. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  10. "King?f=379&g=Singles Carole King Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Carole King. Prometheus Global Media.
  11. «Billboard Top 100 – 1971». Billboardtop100of.com. Henta 15. mai 2022. 
  12. "Australian-charts.com – Martika – I Feel the Earth Move". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  13. "Martika – I Feel the Earth Move – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  14. "Ultratop.be – Martika – I Feel the Earth Move" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  15. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  16. «Eurochart Hot 100 Singles» (PDF). Music & Media 6 (48): V. 2. desember 1989. Henta 15. mai 2022. 
  17. Nyman, Jake (2005). Suomi soi 4: Suuri suomalainen listakirja (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Tammi. ISBN 951-31-2503-3. 
  18. "The Irish Charts – Search Results – I Feel the Earth Move". Irish Singles Chart.
  19. "Charts.org.nz – Martika – I Feel the Earth Move". Top 40 Singles. Hung Medien.
  20. "Martika – I Feel the Earth Move – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien.
  21. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  22. "Martika Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Martika. Prometheus Global Media.
  23. "Martika Album & Song Chart History" Billboard Hot Dance/Club Play for Martika. Prometheus Global Media.
  24. "Offiziellecharts.de – Martika – I Feel the Earth Move". GfK Entertainment Charts. Henta 15. mai 2022.
  25. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing. 
  26. «Year End Singles». Record Mirror: 44. 27. januar 1990. 
  27. 27,0 27,1 «The ARIA Australian Top 100 Singles Chart 1990 (61–100) (from The ARIA Report nr. 50)». ARIA. Henta 14. november 2020 – via Imgur. 
  28. Archived at Ghostarchive and the Wayback Machine: «Shinedown «I Feel The Earth Move» (Carole King cover) captured in The Live Room». YouTube. 
  29. «GLIM SPANKYニューシングルにキャロル・キングのカバー収録». Natalie (på japansk). 8. desember 2017. Henta 2. februar 2018. 
  30. Sophie Bloom (Character) from «Gilmore Girls» (2000). IMDb. archive version from july 19, 2017
  31. «Tease Listing». Phish.net. Henta 3. oktober 2016.